tirsdag 29. april 2008

Sist men ikkje minst- Refleksjonsnotatet

Eit år har berre 365 dagar, og du kan tru at dei går fort! Når eg tar eit tilbakeblikk på det året som har gått, er det utruleg å tenkje på kor mykje ein kan læra seg på berre eit år. Det er mykje ny kunnskap som skal lagrast og ikkje minst hugsast! Pensumlista har vore lang og nokon av bøkene rimeleg tjukke, løye at eg ikkje er blitt skremd av? To av dei viktigaste grunnane til at pedagogikk faget har vært ein stor positiv oppleving for meg, byrja begge på bokstaven B. Birgit og blogg. Kva skulle eg ha gjort utan dykk?

Birgit som inspirator og bloggen som ei hjelpande hand.
Det har til tider tatt mykje tid, vært slitsamt å setje seg ned med, fått skrivesperre og vært heilt tom av tankar og idear i hovudet. Men samtidig, har eg aldri fått ei betre hjelp til studia! Det er sjølvsagt bloggen eg pratar om. Ein har vært heilt nøtt for å blogga, enten ein ville det eller ikkje. Bloggen skulle handla om refleksjonane og tankane rundt det aktuelle temaet som Birgit hadde prata om for kvar pedagogikktime. Men for meg, blei bloggen så mykje meir enn berre ein refleksjonsblogg. I byrjinga var eg flink med innlegga, og følte at eg hadde ganske god kontroll på blogginga. Men då nyåret kom, stilna det litt av… Det gjekk kanskje nesten to månader før eg byrja å skriva på bloggen igjen. Det var eit stort skippertak som skulle til før eg kom meg opp på banen igjen, men eg greidde det! Det var ein utruleg herleg følelse å væra tilbake i ”gamet” igjen, og etter det, har eg klart å følgja opp for kvar gong! Som eg sa tidlegare, var ikkje bloggen berre ei refleksjonsblogg. Eg sette mitt personlege preg på bloggen, og for meg blei det akkurat som ei dagbok med fagleg innhald. Ei ”dagbok” som ein kan sjå tilbake på, for å minnast alt det ein har lært i løpet av året! Rolla som kritisk ven, syns eg var vanskeleg frå dag ein. Kva om dei blir fornærma? Men eg skjøna etter kvart kva denne oppgåva som kritisk ven, gjekk ut på. Ein skal komma med konstruktiv kritikk til kvarandre for å væra til hjelp! Ikkje for å kritisera, men for å hjelpa medeleven til å gjere det betre. Kanskje du såg noko i bloggen han/ho kunne tilføye, som var relevant for temaet?

Utan Birgit, trur eg ikkje dette året med pedagogikk hadde blitt like interessant. Meir spenning og engasjemang i timane, har eg aldri opplevd frå ein lærar før. Birgit har hatt utruleg god oppfølging på oss, ho har alltid vært godt forberedt til kvar time, og ho har vist oss kva me kan gjere for å laga ein undervisningstime utanom det vanlege. Eg har lært mykje av det ho har sagt, og minst like mykje av det ho har gjort. Då eg i slutten av dette refleksjonsnotatet skal takke for i år, vil ag at du skal ta til deg det meste av takken.

Pedagogikkfaget
Forventningane eg hadde til faget pedagogikk, er blitt sprengt over grensene sine for lengst. Det vil seie at eg kanskje ikkje hadde så store forventningar til faget? Eg trudde heilt ærleg at dette faget skulle bli litt ”tørt” og tungt, mykje teori, og endå meir teori… Slik blei det så absolutt ikkje! Mykje teori er det sjølvsagt, men det har mykje å seie om kven som legg teorien fram og korleis teorien blir formidla. Birgit har vertfall klart å fått meg interessert i faget, noko som eg sett stor pris på, i og med at det er eit viktig fag med mange viktige område. Måten som ho har undervist på, har gitt meg inspirasjon og idear om korleis eg skal undervisa i eit klasserom, når den tida kjem.

Det er vanskeleg å setje ord på kva eg har lært i år, og kor mykje. Men ein ting er sikkert, eg ser ein klarare samanheng i det me har gjort av oppgåver, den undervisninga me har hatt og periodane med praksis. Eg syns at alt dette har vært relevant og nyttig å ha med seg til seinare, når eg skal trå ut i yrket som lærar. Arbeidet me har hatt med dei ulike gruppeoppgåvene og dei individuelle oppgåvene, har for meg handla om utvikling og kompetanse. Eg har lært å kjenne meg sjølv betre, og føler at eg har klart å utvikla meg til å bli meir moden med tanke på læraryrket og arbeidslivet.

Det at me har funne mykje sjølvvalt litteratur til nokre av oppgåvene, har gitt meg breiare kompetanse innan pedagogikkfaget. Arbeidet med praksismappa i forbindelse med praksis, har også vært ein lærerik prosess. I praksis fekk me verkeleg prøvd ut den didaktiske relasjonsmodellen og KAMPVISE –prinsippa. Det er godt å ha desse to til grunn, når ein skal planlegga ei undervisning.

Me har fått god rettleiing og vurdering på alle oppgåver som har blitt gjort i år. Noko som har vært ein lærerik prosess for meg. Dette har hjelpt meg til å få utvikla min kompetanse og mitt arbeidspotensiale. Eg har fått gode og konstruktive tilbakemeldingar på kva eg kunne ha gjort annleis og kva eg burde ha tilføye i oppgåva. Eg vil ta denne erfaringa med meg vidare ut i arbeidslivet, og eg vil prøva å bli akkurat like flink til å gi tilbakemeldingar og vurdering til mine framtidige elevar.

Pensum
Gode førelesningar og nokon til dels lettleste bøker, har gjort at eg har fått med meg mykje av pensumet. Eg likte spesielt godt Gunn Imsen si bok ”Elevens verden”, ei bok med god oversikt, notat i margen og mange gode døme. Litt tyngre var det å lesa i Lyngsnes og Rismark si bok ”Didaktisk arbeid”, men for all del mykje god teori her òg! Flott at me har fått moglegheit til fordjuping i mange av førelesningane. Eg har vært inne å kikka på ein del av lenkjene, men eg kan ikkje skryta på meg å ha vært innom alle.

Praksis
Praksisen er ein av dei tinga som har vært med på å gjere meg endå sikrare på at eg har valt den rette vegen ut i yrkeslivet. Utfordringane veit eg vil stå i kø, men så lenge eg er forberedt på det, skal eg klare det. I praksisperiode 3, lærte eg mykje om kor viktig det var å halde motivasjonen oppe i timane. Og den siste veka la eg hovudfokuset på motivasjon, og følte at eg fekk det ganske så bra til. Men den største utfordringa eg vil møta på, er nok TPO (tilpassa opplæring). Ingen born er like, og alle har rett til ei undervisningsform der dei lærar best. Det er ein tryggleik å tenkje på at lærarane jobbar i team nå, men ein vil likevel stå aleine om gjennomføringa i klassen. Eg syns forsett at det er uansvarleg å tru at elevane får det beste læringsutbytte av å være opp til 30 elevar i ei klasse, fordelt på ein lærar. Men dette får bli ein annan diskusjon… Det går sjølvsagt på tid, pengar og andre resursar. Så før det blir ei endring på dette, vil eg tru at dette vil bli ein av dei største utfordringane eg vil få.

I praksisperiodane har eg lært meir om korleis ein skal tenkje når ein skal planlegge ein undervisningstime. Der er viktig å tenkje på KVA ein skal gjere, KVIFOR ein gjer det, og KORLEIS ein skal gjere det, kort oppsummert, KVA, KVIFOR, KORLEIS. Dersom ein ikkje veit KVIFOR ein gjer den aktuelle tingen, ja kva er då vitsen?

I praksis hadde me ein fantastisk praksislærar. Ho var flink til å gi konstruktiv kritikk, og ga god rettleiing undervegs i heile perioden. Det var godt å ha ein kontaktperson å forholda seg til, ein som berre hadde vår praksisgruppe å konsentrera seg om. Ved praksisslutt hadde alle på gruppa eit møte med praksislærar, individuelt, for å snakka om praksisperioden. Eg fekk høyre mykje positivt om meg i rolla som lærar, dette blir litt av drivkrafta mi vidare i utdanninga. Men eg fekk også ein ting som eg kunne jobba vidare med: eg kunne gjera meg meir tydeleg i klasserommet. Dette kjem eg sterkare tilbake med i neste periode!

Oppgåvene
Læringsteoriane
Den aller fysste oppgåva som me hadde i pedagogikken, var oppgåva med læringsteoriane. Eg forstår no kvifor me blei ”kasta” ut i den oppgåva allereie så tidleg ut i semesteret. Me måtte jo sjølvsagt bli kjende med læringsteoriane tideleg, for å kunne etter kvart uvikla vårt pedagogiske grunnsyn igjennom året. Eg kan ikkje seie meg heilt trygg på dette området endå, sjølv om mitt pedagogiske grunnsyn har blitt sterkare etter praksisperiodane og matematikk og pedagogikkoppgåva. Heldigvis har eg to år igjen på lærarskulen, og plass til endå meir teori og fagstoff i toppetasjen!

Matematikk og pedagogikk oppgåva
Eg har aldri jobba så mykje med ei oppgåve, både før, under og etter, som matematikk og pedagogikk oppgåva. Me fekk ein god introduksjon til denne oppgåva, men eg satt likevel igjen i klasserommet som eit spørsmålsteikn. Dette kom seg etter kvart som eg byrja å ta fatt på oppgåva, og eg må sei meg ganske så nøgd med resultatet som eg leverte inn på Fronter i dag. I denne oppgåva fekk eg jobba masse med det å kunne skapa eit undersøkingslandskap. Eg lærte mykje om korleis eg skulle stilla dei rette spørsmåla, for å setje elevanes tankegong i arbeid.


Motivasjonsoppgåva
Casen med Mons, motivasjonsoppgåva, var ei av dei mest interessante oppgåvene. Eg var i Thailand då dei andre hadde førelesning om motivasjon, så eg måtte arbeide med stoffet på eige hand då eg kom heim. Arbeidet med motivasjonsoppgåva gjorde at eg forstod betre det eg hadde lest i Imsen boka og på dei førelesningane eg hadde henta ned frå Fronter. Motivasjon er viktig, både for deg sjølv og for elevane dine. Då eg var i praksis hadde eg et sterkt fokus på motivasjon, derfor var det kjekt å få arbeide med denne oppgåva i etterkant av praksis, slik at ein kunne ta med seg erfaringar ein hadde gjort i praksis, inn i motivasjonsoppgåva. Spesielt lærerikt var det å kunne finne moment som læraren kunne gjere for at Mons skulle bli motivert, men også finna ut dei ulike årsakene til at han mangla motivasjonen.

Yrkesetisk seminar
Flott med yrkesetisk seminar! Her var også eit arbeid med casar, ei form for arbeid som eg likar veldig godt. Når ein kan relatere oppgåva til den verkelege kvardagen, føler eg at ho verkeleg gjer meining. Me fekk 4 casar, som alle kunne ha vært reelle situasjonar. Kjempeflott strukturert opplegg, med gruppearbeid dei to fysste dagane, og felles debatt siste dagen. Eg seier det ein gong til, eg likte veldig godt denne metoden som undervisningsmetode.

IKT
Det blir berre meir og meir lagt vekt på IKT i skulen i dag. Då eg las ei annonse frå Hagesund kommune som søkte etter lærarar her ein dagen, stod det: ”Bør ha god IKT- kompetanse”. Det viser berre kor viktig det er å ha kunnskap på dette området, etter som ting blir meir og meir styrt av datamaskiner og internett. Eg har fått god nytte av kurset som me hadde i word 97, det var greitt å få veta formatering i oppgåveskriving, og elles praktiske tips, alt i frå korleis me skulle oppdatera ei innhaldsliste til korleis me fekk topptekst og botntekst. Eg kunne ingenting om behandling av bilete eller korleis me skulle laga ein samansatt tekst frå før, så eg har hatt god nytte av alle dei timane me har hatt i år med IKT. Temaet ”Born og nye media” var eit svært lærerikt og ikkje minst skremmande tema for meg. Då tenkjer eg spesielt på ”chatting” på internett. Det var interessant å få sjå kor fort ”ane15” fekk napp på chattesida. Er det nokon som har sett programmet ”Jakten på en overgriper”? (Eg trur det går på Tv Norge eller Viasat 4) Programmet går ut på å ta tak i dei vaksne mannfolka som gir seg ut for å væra mykje yngre, og som chattar med mindreårige på nettet. Her heller går det ikkje lange tida før den mindreårige parten har fått ei fleng av frekke sextilbod. Skremmande og ein stor tankevekkar for dei fleste, vil eg tru!


Samansatt tekst
I forbindelse med IKT skulle me laga ein samansatt tekst av ei barnebok. Dette var ein kjekk utfordring å arbeida med! Spesielt når ein ikkje er så flink i data, slik som meg... Eg blei ganske nøgd med resultatet, og syns eg hadde laga ein flott samansatt tekst av boka Karius og Baktus. Den samansatte teksta kan du sjå i eit tidlegare innlegg i bloggen. Eg lærte mykje nytt om plagiering og biletsamhanding, og at det ikkje alltid var like lett å få løyve til bilete og diverse musikk...

Pedagogisk grunnsyn og undervisningsmetodar
Når det gjeld mitt pedagogiske grunnsyn, har dette blitt klarare gjennom året. Eg trur forsett at det ikkje hadde fungert for meg å berre undervisa etter ein bestemt læringsteori, men ei god blanding av fleire utvalte teoriar. Etter at eg hadde jobba med matematikk og pedagogikkoppgåva, står mitt pedagogiske grunnsyn litt sterkare enn kva det gjorde før eg tok fatt på denne oppgåva. Eg har lært mykje meir om MI-teoriane, sidan den praksisskulen eg var på, sette denne teorien høgt i fokus. At alle er flinke til noko, men ikkje til alt, er ein bra måte å tenkje på. Men eg har også fått eit djupare innblikk i den sosiokulturelle teorien og konstruktivisme. Den sosiokulturelle teorien med samarbeid og utfordringane i den proksimale utviklingssona. Og John Deweys ”learning by doing”, som meiner at born lærar best i ved å gjere ting i praksis, for å så reflektere over det. Alle desse læringsteoriane inneheld gode punkter som eg syns er relevante for ei god undervisning, der elevane sitt igjen med eit godt læringsutbytte. Og det er jo det som er målet, ikkje sant?

I gjennom heile året har me fått prøvd ut ein rekkje ulike undervisningsmetodar. Hugsar dykk det hefte som begge klassene har laga? ”Undervisningsmetoder i skolen”, eit kjempebra hefte som me utarbeida i 2007. Her får me ein oversikt over mange ulike undervisningsmetodar i skulen, og fordelar og ulempar med dei. Godt å ha med seg vidare til seinare arbeid! I praksis fekk me også prøva oss ut i ulike undervisningsmetodar, blant anna: undersøkingslandskap, stasjonsarbeid, drama, tverrfagleg verkstad og vanleg tavleundervisning. Med å få prøvd ut eit undervisningsopplegg i praksis, vil ein få med seg erfaringar som kan være nyttige å ta med seg til neste gang!

Takk for no!
Som dykk kanskje ser, hadde eg mykje refleksjon på hjarta, men no gjenstår det berre å takka for meg! Eg har hatt eit utruleg kjekt år med pedagogikk og blogg. Eg vonar me kan ha ein slik eksamen som dette til neste år igjen. Så Birgit, ”hang in it” for me vil ha deg her til neste år òg!


Eg ønsker alle ein god sommar! Så sjåast me til hausten!

Cahrine Førland 29.04.08

3 kommentarer:

Astrid Maria sa...

Heihei Cathrine! Eg må sei meg enig i mykje du skriv i refleksjonsnotatet ditt. I høve til pedagogikk faget hadde me nok same forventningar når me byrja; at det kjem til å bli eit tungt fag med mykje teori. Det var nok eit av dei faga eg grua meg mest til. Men der tok eg feil!:) Ellers har du vore kjempeflink å blogga og eg vonar deg all lykke vidare som framtidig lærar!
Hilsen Astrid!

Cathrine sa...

Tusen takk Astrid!=)
Trist at du ikkje skal væra med oss til neste år, men flott at du har funne ut kva du vil bli!=)
Ynskjer deg masse lykke til på vegen mot den nye utdanninga! Vonar du får noko kjekke år!=)

Cathrine

Birgit E. Olsen Bratseth sa...

Tusen takk for i år, Cathrine. Det var kjekt å lesa alt du "hadde på hjarta", og det har vore ei gleda å bli betre kjend med deg. Om alt går etter "planen" (les: som eg vil), sjåast vi att til hausten. I mellomtida må du og ha ein riktig god sommar.

Birgit :-)