onsdag 2. april 2008

25.02 - 14.03.08 Praksisperiode 3

Siste praksisperiode for dette året er over, og eg sit igjen med mykje nyttig kunnskap og er blitt eit par erfaringar rikare.
Allereie fyste veka var det fult kjør. Undervisning som skulle planleggast, nytt stoff som skulle lesast og timar som skulle undervisast! Dette var mykje nytt på ein gong, og eg kan hugse at eg ikkje sov så godt om nettene dei fysste dagane av perioden.
Andre veka gjekk betre, eg var begynt å komma inn i ein godt rytme på det heile. Følte meg tryggare og meir sjølvsikker der er stod og hadde undervisning.
Siste veke var eg sjølvsagt komt inn i ei dagleg rutine. No følte eg meg trygg på det eg gjorde. Eg hadde undervisninga aleine, utan praksislærar og utan medstudentar. Kvifor måtte me tilbake på skulebenken igjen no?

Eg ser på det som positivt at eg følte at praksisperioda var altfor kort. Då eg endeleg følte at "no har eg taket på det!" då skulle me tilbake til Stord for å læra meir. Denne perioda var meir omfattande enn sist periode. Eg kan hugsa at me hadde det travelt då òg, men ikkje så travelt som me hadde det denne perioda. Me fekk eit djupare innblikk i korleis ein lærar jobbar med planlegging av timar, vekeplanar, lekseplanar, mål for veka og korleis dei jobbar saman i lærarteam. Bare det å setje opp ein lekseplan kunne være krevande i seg sjølv. Ein måtte jo leita seg gjennom all slags bøker for å finna ei passande lekse. Og det var ikkje nok med at me skulle finna leksene til elevane, me skulle helst ha gjort dei på førehand, slik at me viste kva løysinga var, før elevane. Dette var ein stor jobb, men med mykje gøy!

Det var også interessant å få prøva ut ulike måtar å undervisa på. Det var ikkje vanskeleg å sjå på elevane om dei likte undervisningsmetoden eller ikkje. Dei var vertfall ganske flike til å uttrykje seg om det var ein måte som dei ikkje likte! Dei var heller lite flinke av å skryta av oss...noko som ikkje var heilt uforventa...

I slutten av dagen hadde praksislærar alltid ein oppsummering av korleis det hadde gått i timane våre. Dersom det var eg som hadde hatt ein norsktime, tok ho opp kva som var bra og kva som eg kunne ha gjort annleis. Dette gjorde ho mens heile gruppa var samla, slik at alle kunne dra seg nytte av dei tilbakemeldingane eg fekk. Dette syns eg var ein god måte å gjere det på, for me er jo der for å læra alle saman, ikkje sant?

Nokon av dei viktigaste tinga me skulle ha i bakhovudet under ei planlegging av ei økt, var motivering, organisering og læringsutbytte. Dette blei eg ganske merksamd på for kvar økt eg skulle planlegge.

Eg starta til dømes ein naturfagtime med eit heilt mørkt klasserom, men med levande lys framme på kateteret. Denne timen skulle me ha om elektrisitet. Eg prata med elevane om elektrisitet før og no, og at dei ikkje hadde nokon anna form for støm før i tida, derfor nytta dei seg av levande lys.
Det blei også positive reaksjonar frå klassen då eg i ein norsktime samla alle i ein ring på golvet og sa at me skulle mime sj-lyd ord. Dei hadde jo ikkje trudd at norksfaget kunne væra kjekt!

Personleg mål for praksisperioden: Eg vil ha fokus på å gjere timane mine meir motiverande og spanande for elevane. Eg skal alltid møte opp godt forberedt til kvar time. Eg vil tru at ein motiverande time vil auka engasjemanget hos elevane, slik at dei kan få meir utbytte av det som eg vil læra dei.

Dette var mitt personleg mål for praksisperioden. Og eg følte at eg klarte å hald det fokuset oppe heile tida. Eg fekk mykje skryt frå praksislærar for god motivasjon for elevane i mine timar, det blei eg litt stolt over, for det er ikkje så lett å få 21 elevar til synast at den same tingen er like spanande!


Til slutt vil eg gi litt skryt til vår praksislærar. Ho har vært ein god støttespelar gjennom heile perioden. Eg har fått gode konkrete tilbakemeldingar på alt eg har gjort, noko som har fått meg til å føla meg tryggare på ein del områder. Vonar me får ein lika god praksislærar til neste år?

1 kommentar:

Trond Hafstad sa...

Hei,

må bare si at jeg er enig med praksislærer at du virkelig tok motivasjon alvorlig i praksisen og var virkelig flink til å fjøre undervisningen spennende. Jeg ser at du skriver at du har prøvd flere undervisningsmetoder i praksisperioden, har du noen tanker rundt hvilke metoder du likte og ikke likte?

ellers stå på