torsdag 3. april 2008

31.03.08 Tilpassa opplæring

Ingen elever er like. Dersom skulen skulle lagt til rette for hver enkelt elev, skulle me ikkje hatt litt fleire lærare i eit klassenrom då? I staden for berre ein, maks to som det er i dag...

Eg lærte ein del nye sentrale omgrep i desse timane til Åshild.
Likeverd opplæring: I og med at ingen elever er like, må ein også forskjellsbehandla dei. Forskjellsbehandling kan ein forbinda med ein negativ ting, men her meiner me å forskjellsbehandla elevane slik at dei får mest mogleg ut av undervisninga, på ein positiv måte altså!
Tilpassa opplæring: Dette er ei plikt så både skuleeigar, ledelsen og læraren har overfor elevane. Læraren skal tilpassa si undervisning etter den enkelte elevs evner og føresetnader.
Inkluderande opplæring: Dette betyr at alle elevane skal ta del i fellesskapet på ein likeverdige måte, både fagleg, sosialt og kulturelt. Men gjeld dette også dei elevane meg spesielle behov? På den praksisskulen som eg var på, blei dei elevane med spesielle behov, tatt ut av timane til dei andre. Då satt dei på eit grupperom med ein assisten å jobba med oppgåver i staden for. Dette gjalt sjølvsagt ikkje alle timane, men faktisk dei fleste. Blir dette heilt feil? Eg merka godt at den eine eleven med spesielle behov, hadde vanskeleg for å sosialisera seg med dei andre elevane i klassen. Kan dette være på grunn av at han ikkje deltar i fellesskapet med dei andre i timane?
Spesialundervisning: Er i utgangspunktet tilpassa opplæring. Det er ein rett etter opplæringslova som skal sikra ein tilpassa og likeverd opplæring for personar som ikkje har, eller kan få, tilfredstilla utbytte av den ordinære opplæringa.

Eit anna viktig omgrep som var nytt for meg denne timen, var differensiering. Det handlar om å ta hensyn til den enkeltes elev føresetnadar og behov når det vert bestemt korleis undervininga skal organiserast og gjennomførast. Eit av de eldste differensieringstiltaka me har, er å dela elevane i skuleklassar etter alder.
Tilpassa opplæring:
Den praksisskulen som eg var på, Skåredalen, sette MI-teorien høgt i fokus. Denne teorien går ut på at alle elevar skal føla seg heime i ein eller fleire av intelligensene. Slik at alle veit at dei er flinke til noko! Dette vil eg seie er ein form for tilpassa opplæring. Det hang plakatar i klasserommene, på veggen i gangane og på lærarrommet om dei ulike intellingensene. Språk klok, matematikk klok, romlig/visuell klok, kropp klok, musikk klok, meg klok og natur klok.

Praksislærer sa at dei hadde arbeida med at alle i klassen skulle finne ut av kva slags intelligens dei høyrte heime i. Elevane skulle også skrive ned kva for intelligensar dei trudde dei andre i klassen kom til å velja. På denne måten blei elevane meir bevisst på kva dei sjølv var flinkast i, og kva deira medstudentar var gode på.
Det at elevane kunne velje mellom rød (lettast), gul (vanskligare) og blå (vanskligast) oppgåver i matteboka si, er også ein form for tilpasse opplæring. Læraren ga oppgåver i alle fargane for kvar veke i matematikken, men det var elevane sjølv som viste kva slags nivå dei låg på og kva slags av dei oppgåvene dei skulle gjera.
Eg blei litt imponert over at så mange elevar valte dei gule og blå oppgåvene, då det var dei rød-oppgåvene som var lettast! Då fekk eg veta av praksislærar at denne klassen var flinke til å gi seg sjølv store utfordringar. Dersom dei ikkje greide det, var det jo berre til å hoppe ned eit hakk i boka igjen, så hadde dei i allefall prøvd!
Det skal bli spanande å sjå korleis eg kjem til å arbeida med tilpassa opplæring i yrkeslivet. Eg har mange tankar no, men sikkert endå meir når eg kjem ut som fersk utdanna lærar!
På slutten av timane til Åshild fekk me jobba i grupper. Oppgavå var å finne døme på korleis ein kunne leggje opp tilrettelagt undervisning for ein klasse. Me fann også fleire døme på tilpassa opplæring. Det var lærerikt å få høyre kva dei andre gruppene presenterte, her var det mange gode forslag til tilpassa opplæring som eg kjem til å ta med meg vidare!

2 kommentarer:

Trond Hafstad sa...

Hei,

kjekt å lese dine tanker rundt TPO, du har tydeligvis forstått hva det dreier seg om!

Stå på!

Anna Kristin sa...

Hei!

Du har fått med deg mykje her! Som kritisk ven finn eg ikkje noko å setja fingen på!

Anna Kristin