mandag 26. november 2007

26/11/07 Ut på tur, aldri sur!

For ein fantastisk måte å ha praksisoppsummering på! Været var bra, alle var blide og turløypa var perfekt! Det er så kjekt at ein kan gjere noko slikt som dette av og til, ikkje berre sitja inne i eit klasserom med dårleg luft og mykje datamaskinar som står å svirre.

Eg må sei at det er tøft gjort av Birgit å invitera heile klassen inn på vafler og kaffi etter den 6 kilometer lange turen! Alle plasserte seg litt rundt omkring i huset, og jammen fekk me plass til alle!

Alle fekk dela ulike erfaringar fram og tilbake frå praksis. Det var interessangt å få høyre korleis dei på Langeland skule hadde hatt det, i og med at me ikkje hadde fått snakka så mykje med dei etter praksis. Ein lærar ganske mykje av å høyre på kva andre har opplevd, å korleis dei har takla vanskelege situasjonar i ein klasse.

tirsdag 6. november 2007

05/11/07 Diamanten

Den didaktiske relasjonsmodellen
"Kva, korleis, kvifor" Det er mykje som skal planlegjast og tenkjast igjennom før ein undervisingstime. For meg, blei denne timen ein repetisjonstime. Noko som var heilt greit! Me hadde litt om den didaktiske relasjonsmodellen på grunnfag idrett i fjor, men eg følte at eg fekk meir tak i kva som ligg i ordet didaktikk.

Som sagt, var denne timen ein god repetisjonstime for meg, for eg syns forsatt at det er vanskeleg å utfordrande å planleggje alle faktorane i det diamantskjemaet som me fekk utlevert.

Eg forstår kvifor me ska lære oss å fylla ut eit slikt skjema, men eg har ikkje inntrykk av at lærarane tar seg tid til å skrive eit slikt skjema for kvar time dei har i det daglege. Men dei har vell kanskje andre rutinar for planleggjinga si? I praksis som kjem no snart, vil me nok få svar på dette.

KAMPVISE: Konkretisering, Aktivisering, Motivasjon, Progresjon, Variasjon, Individualisering, Sosialisering og Evaluering.

Dette er stikkorda ein lærar må sjå igjennom før han/ho skal gjennomføra ein undervisingstime. KAMPVISE hadde me mykje om i fagdidaktikken i fjor, derfor kunne eg desse godt fra før!
-------------------------------------------
Seinare kommentar:

Her har eg ramsa opp dei 10 tesene for god undervisning som me gjekk i gjennom:
  1. Tydelig struktur på undervisninga og læreprosessen

  2. Effektiv nytting av læretida

  3. Samanheng mellom mål, innhald og metodeval

  4. Mangfold av metodar og organiseringsformer

  5. Innøving av dugleikar, mentalt og fysisk

  6. Læraren si indviduelle støtte til den einskilde elev

  7. Eit undervisningsklima som fremmer læring

  8. Meiningsskapande språk i undervisninga

  9. Tilbakemelding frå elevene kring læreprosessen si form og innhald

  10. Avklaring av krav og vurderingskriterier til eleven sine prestasjonar

Det er vanskeleg å seie kva for teser som er mest relevante for meg, då eg syns at alle er viktige. Men dersom eg må velje nokon må det bli tese 1, 3, 4, og 6. Alle desse tesene er gode å ha i bakhovudet når ein skal planleggje å utføra ein god undervisningstime.

"Planlegging reduserer usikkerheten i skolehverdagen". (Lyngnes & Rismark 2007:75).¨

Men kvifor er eigentleg evne til god planlegging så viktig? Er det nødvendig å planlegge kvar einaste time? JA, DET ER DET!

Døme:

Tenk deg at du skal på ein chartertur til syden. Alt er pakka og klart, turen er bestillt for lenge siden, og det einaste du treng å tenkje på, er å komma deg til flyplassen...På ein chartertur er alt opplegg klart, du treng ikkje tenka på korleis du skal komme deg til hotellet eller korleis du kjem tilbake til flyplassen på veg heim...Alt dette er det reiseselskapet og guidene som planlegg for deg. Dei står til og med på flyplassen og ventar på deg, med navnelister og heile pakka, slik at dei skal få alle med. Målet deiras er at du skal få ein god tur, og positive opplevingar med reising. Dette kreves god planlegging. På same måte er det for ein lærar. Elevane kjem til skulen, læraren står klar med opprop av elevar for å sjå kven som er der. Læraren har opplegget klart for dagen og elevane vil forhåpentligvis få ei positiv oppleving med læring og eit godt læringsutbytte. Ein kan kanskje ikkje samanlike dette heilt...men begge deler går ut på det same, nemeleg GOD NØDVENDIG PLANLEGGING!

Korleis kan ein læra fra seg noko utan planlegging og struktur i kvardagen? Skal det berre væra tilfeldig kva elevane skal lære for kvar dag? Kor blir det av progresjonen i dette opplegget? Eg trur ikkje ein lærar med tilfeldig planlegging vil jobbe så lenge i skulen. I verfall burde han/ho ikkje gjere det! Det er for elevane me er her! Det er vårt ansvar at dei lærar noko, derfor er det så viktig å planlegge det på førehand. Ikkje berre dag for dag, men også veke for veke, slik at dei får ein progresjon i det som dei skal læra.


Den didaktiske relasjonsmodellen
Denne modellen er delt inn i 6 ulike kategoriar, som alle er viktige faktorar i planlegginga og i refleksjonen etter ei undervisning. Modellen tar for seg:
  • Mål

  • Innhold

  • Rammefaktorer

  • Læreforutsetninger

  • Læringsaktiviteter

  • Vurdering

Alle desse kategoriane glir på ein måte over i kvarandre, og det er desse kategoriane som ein lærar skal ha i bakhovudet når han/ho skal planlegge eit undervisningsopplegg. Det er ikkje berre dei mest erfarne lærarane som skal kunne bruka den didaktiske relasjonsmodellen, den kan også brukast av oss som er lærarstudentar og dei som nettopp har komt seg ut i arbeid.

"Bjørndal og Lieberg utviklet den didaktiske relasjonsmodellen. Med denne ønsket de å gi lærere en forståelsesramme og et redskap de kunne ta i bruk for å planlegge, analysere og forberede sin undervisning." (Lyngnes & Rismark 2007:79)
-------------------------------------------