fredag 18. april 2008

Dei stille borna

Birgit tipsa oss om eit interessant emne på programmet Puls, "Dei stille borna". Eg var desverre ikkje heime den tida på kvelden dette programmet blei sendt, men derfor er det så fantastisk å ha internett! http://www1.nrk.no/nett-tv/indeks/128848 På denne internettadressa kunne eg sjå programmet akkurat kva tid på døgnet som passa meg. Eg rigga meg til i senga i dag tidleg for å sjå akkurat denne episoden med Dei stille borna. Innslaget varte berre i 10 minutt, men det var lenge nok til å gi meg frysningar på ryggen. Tenk at det er 5-8% av borna i Norge som har innagerande åtferd! I programmet blei det sagt at det er ofte bråkmakarane som tar all oppmerksemda frå læraren. Det er utroleg synd at dei som lagar uro i klassen skal få den oppmerksemda som kanskje nokon andre hadde hatt mykje meir nytte av.

I programmet fekk ein også mykje bra tips om kva ein skulle gjera dersom ein har misstanke om at ein elev ikkje har det så bra på skulen. Eg noterte meg nokre stikkord her, som eg kan ta med meg vidare:
- Ta kontakt med borna, spør gjerne direkte om kva problemet er.
- Det er viktig for borna å føla at dei blir sett av læraren. Oppgåva til læraren blir å innkludera alle, å gi borna ein følelse av å bli sett.
- Ta deg tid til borna.
- Borna med innagerande åtferd har ofte lågt sjølvbilete. I samarbeid med dei føresette, kan du som lærar væra med på å styrke sjølvbilete til din elev.

Elles blei eg liggande nokre timar i senga for å sjå på dei andre ulike pulsprogramma! Her var det jammen meg mykje bra og nyttige ting å få med seg:
- Bli tryggare på legekontoret
- Sjå, dei dansar hip-hop
- Få bedre puls
- Sunn ungdomskost

Dette var berre nokre av programma eg var innom...

Ingen kommentarer: