onsdag 2. april 2008

26.03 - 28.03.08 Yrkeestetisk seminar

Onsdag dag 1:
I dag starta seminaret som skulle gå over tre dagar. Eg hadde merka kvelden før at det faktisk var ein del teori som skulle lesast før seminardagen. Dette blei lest i siste liten, så du kan sei at det forsatt satt friskt i minnet til seminardagen! Etter ein del praktisk informasjon, presentasjon av casen "Per" og at Tormod hadde prata litt om etikk, var det berre til å setje i gong. Gruppene var delt inn på førehand, og alle klarte å få organisere seg greit. Me hadde fått utdelt eit ark med dei fire ulike casene som me skulle diskutere i gruppa. På kvar case skulle me finne ut: grunnlegjande problem, ta ein konsekvensetisk og pliktetisk analyse og konklusjon til slutt. Seminaret var lagt opp til at dei fire caseane skulle arbeidast med på dag 2, så fyste dagen gjaldt det å utarbeide 10 yrkesetiske bud for lærere. Dette var jammen meg vansklegare enn ka eg trudde! Det er mykje viktig ein skal ha med i desse buda, og me var livredde for å gløyme eit viktig punkt! Det værste var når me skulle arrangere dei 10 buda i rett rekkjefølge, alle var jo så viktige!
Til slutt blei vi einige om arrangeringa, sjølv om kanskje nokon av buda burde hatt arrangering på lik linje. Dagen fauk i frå oss, og me var allerie klar for å ta fatt på caseane på dag 2.

Torsdag dag 2:
I dag var det diskusjon og utarbeiding med caseane som stod på programmet. Case 1 og 2 gjekk fort, der var gruppa ganske einige om kva som var plikt og kva som blei konsekvens. Dei caseane som blei brukt mest tid på, var case 3 og 4. Her blei det til og med diskusjon på kva det grunnlegjande problemet var! Medan nokon meinte at problemet i case 3 var at Linda`s foreldre mangla sosiale intelligens, meinte kanskje andre at det var kommunikasjonen mellom Linda og foreldra som var det grunnleggjande problemet. Det var kjekt at gruppene blei blanda på tvers av klassane. Dette tror eg opna for meir diskusjon innad i gruppa. Me blei i alle fall einige om alt til slutt, og følte oss klar for presentasjonsdagen.

Fredag dag 3:
Ingen av oss visste heilt korleis me skulle leggje fram "svaret" på caseane våre fram til resten av klassen. Men eg trur samtlege av oss pusta letta ut då me skjøna organiseringa! Birgit hadde laga eit diskusjonsbord, der alle var likestilte. Dette gjorde at eg berre senka skuldrene, for no var det jo ingenting å grua seg for lengre! Fantastisk god idè Birgit!
Alle gruppene fekk trekja kvar sin lapp, på den lappen stod det kva slags case ein skulle leggje fram, eller om ein skulle leggje fram dei 10 yrkesetiske buda som gruppa hadde utarbeida. Mi gruppe trakk case 3, noko som passa veldig bra i og med at dette var ein av dei caseane som gruppa hadde diskutert mest. Det var interessant å få høyre dei andre gruppene sine meiningar og tolkningar på dei ulike caseane, og ikkje minst på den case 3 som mi gruppe la fram. Det blei i alt ein veldig godt diskusjonsdag, med mykje nyttig informasjon om kva som var lov, kva ein burde gjere, og kva ein absolutt ikkje skulle gjere i diverse ulike situasjonar!
Birgit var ein veldig god ordstyrar, som holdt orden på kven sin tur det var til å snakka. Dette gjorde at me fekk ein ryddig og informasjonsrik diskusjonsdag.

Eg drog god nytte av dette seminaret, og vonar det er ein slik arbeidsmåte som dykk lærare kunne tenkje dykk å ta i bruk fleire gonger i løpet av dette studiet.

Her er dei 10 yrkesetiske boda som gruppa vår utarbeida:
  1. Ein lærar skal væra ein god rollefigur.
  2. Ein lærar skal oppretthalda teieplikta overfor elevane og kollegaene.
  3. Ein lærar bruker ikkje fysiske eller psykiske trusler mot elevane.
  4. Ein lærar skal visa respekt og være fordomsfri for elevar, føresatte og kollegaer.
  5. Ein lærar må tilpassa språket etter elvanes nivå og ikkje bruka upassande ord ved kommunikasjon med elevane.
  6. Ein lærar skal væra psykisk stabil.
  7. Ein lærar skal ha eit balansert forhold etter elevanes behov.
  8. Ein lærar har tolmodighet og forståelse overfor elevane.
  9. Som lærar er det viktig å ha ein god kjemi/tone med elevane, dei føresette og kollegaene.
  10. Ein lærar bør ha ein variert undervisningsmetode for elevanes beste.

Ingen kommentarer: