onsdag 2. april 2008

04.02.08 Sjølvbilete og attribusjonsteori

Nesten flaut å seie det, men eg var forsatt i Thailand då me hadde om dette temaet! Kunne nesten høyrast ut så eg hadde vært der i eit halvt år, dersom du les på bloggane...men eg va der altså berre 17 dagar.. Det var ein del nytt stoff å lesa på når eg kom heim att kan ein sei!

Då eg skulle setje meg ned å lese teorien, Imsen kap.16 og 17, fekk eg litt problemer. Her sto det veldig mykje som var nytt for meg, og eg synes det var vanskeleg å setje seg inn i mykje av det eg las.

"Skulen skal ha omsorg for heile eleven", syns eg var eit godt omgrep. Ein tenkjer kanskje ikkje over at skulen faktisk har mange viktige oppgåver når det gjeld elevane. Dei skal utvikla eleven som person, både i kunnskap, moralsk, når det gjeld følelsar, skapande og sosialt. Skulen skal også utvikla elevanes etiske, sosiale og kulturelle kompetanse. Dette høyrtes ut som eit stort ansvar!

Er skulen med på å utvikle oppfatninga av sjølvet?
Etter kvart som eg les vidare i kapittelet, tror eg svaret er ja. George Herbert Mead meiner i sin teori at det er andres reaksjonar på oss sjølv som me observerar. Denne prosessen kan me kalla for speilingsteori. Læraren er med på å påverke elevanes sjølvoppfatning både positiv og negativt. Til døme, lærarar som forskjellsbehandlar elevar som dei oppfattar som sterke eller svake. Dette trur eg er ein viktig ting å hugse på når ein skal ut i arbeidslivet, korleis forskjellsbehandling kan verke inn på sjølvoppfatningen til elevar. Ein må vere litt forsiktig slik at ikkje det blir eit negativt utslag.
Ein annan ting som kan verke inn på sjølvoppfatniga kan vere karakterer og vurdering frå lærar. Dette betyr mykje for elevane, då det har konsekvensar for framtida. Her er det prestasjon i dei ullika faga som spelar inn.

Ein teori som eg synes var interessant å lesa om var Erik Homburger Erikson sin teori om utvikling av personlegdom. Det var ei veldig god skisse av den psykososiale utviklingsprosessa i Imsen boka på side 435. Her kunne ein lese om menneskets åtte aldrar, noko som vekka min oppmerksemd. Eg følte at eg kjente meg igjen i mange av tilfella, kanskje hugsar eg best den pubertetsfasen og identitetdanning. I denne perioda av livet er det mykje nytt som skjer, og ikkje minst mykje nytt som skal prøvast. Det er ein, for mange, vanskeleg periode i livet med både identitet og rolleforvirring. Sjølv om eg ikkje har vært gjennom alle periodane i den psykososiale prosessa endå, vil eg tru at Erikson har fått med mykje viktig stoff om livet i sin teori, og at mange kan kjenne seg igjen i denne teoria om personlegdom.

Attribusjonsteori
Her blei eg nesten skremt av bare ordet, attribusjonsteori. Eit langt og vanskeleg ord, men heldigvis en kort og grei forklaring på i Imsen boka på side 452.
"Om to personer er vitne til den samme hendelsen, eller om de utfører den samme handlingen, er det ikke sikkert at de ville forklare forløp eller utfall på samme måte. Det er et generelt fenomen at vi tolker omgivelsene våre. Det er nødvendig for at tingene skal få mening. Alt som skjer med oss og rundt oss, alt vi ser og hører, blir omhyggelig filtrert og puttet inn i vår egen forståelsesverden hvor tingene blir tillagt mening." (Imsen 2005)
Undervegs i kapittelet var det veldig mange gode døme på ulike situasjonar innforbi dette temaet. Dette hjalp meg godt på veg! Det er ingenting som er verre enn å lesa seg gjennom eit stoff så ein ikkje forstår.





Ingen kommentarer: