tirsdag 30. oktober 2007

29/10/07 Oppsummering av dei ulike læringsteoriane.

I denne økta fekk me ein gjennomgang av dei ulike læringsmetodane. Birgit skreiv tankekart på tavla, som me skulle fylle ut. Sjølv om alle hadde hatt presentasjon om dei ulike læringsmetodane, så var det greitt å få ei endeleg oppsummering av alle. Eg har vært inne på Fronter å henta meg det heftet som Birgit hadde laga. Det var eit flott hefte som kan væra godt å ha med seg til eksamen. Nå skal me jo snart byrja på matematikk og pedagogikk oppgåva, då er det greitt å ha det heftet med alle læringsmetodane framføre seg.
-------------------------------------------
Seinare kommentar:
Eg syns forsatt at det er vanskeleg å veta heilt kva slags pedagogiske grunnsyn eg har. Det finst ikkje noko fasitsvar på dette området, og eg trur ikkje eg klarer å bare velja ein av dei? Blir nesten litt som den nydelige sjokoladen SMASH! "Det skal godt gjøres å bare ta en!" viss noko har sett den reklamen?
Som sagt er eg ganske fasinert av Howard Gardners teori om mutiple intelligensar, men så er eg også einige med John Deweys "learning by doing". Eg vil tru at mitt pedagogiske grunnsyn vil endra seg med tidå. Erfaring og utprøving av ulike metodar vil nok ha noko å seie for mitt pedagogiske grunnsyn i framtida som lærar.
Etter at me hadde jobba ein del med desse ulike læringsteoriane, fekk eg eit inntrykk av at alle på gruppa var einige om at ei "go suppe" av alle læringsmetodane som me hadde presantert, var ein god metode! Trur ingen av oss hadde blitt heilt einige med oss sjølv, dersom me skulle berre ha valgt ein læringsteori å gå ut i frå.

Matematikk/pedagogikk oppgåva: "Hjelp!", var min fyste tanke som slo inn... i byrjinga var alt litt defust...Men etter kvart som alt fekk synka litt inn, og alle hadde stressa fira hakk ned, byrja eg å forstå ting. Eg hadde tatt gode notater frå presentasjonen av oppgåva, slik at eg ikkje skulle ha noko uklart. Eg senka skuldrene då eg fekk høyre at me kunne redigera oppgåva heilt fram til våren! Dette var jo greit. Det skal bli spanande å sjå korleis me klarer å skapa dette undersøkelseslandskapet i praksis! Vil eg klara å stilla dei gode spørsmåla tru?

Kurs i oppgåveskriving: Flott med eit kurs i word før ei slik stor oppgåve! Eg gjekk jo her på Stord i fjor å lærte korleis eg skulle skrive ei oppgåve. MEN ein lærar så lenge ein lever, og i dag lærte eg korleis eg skulle oppdatera innhaldsfortegnelsen ved berre eit enkelt tastetrykk! Fantastisk! Dette gjorde det mykje enklare for meg, du anar ikkje kor lang tid eg har brukt på å "prøva" å laga ei bra innhaldsliste uten formatering! No blei det nesten for lett! Elles har eg nettop fått den nye versjonen av word på PC`en min...word 2007. Det var word 97 me blei kursa i. Det er mykje som er likt, men allikavel litt nyare ting å setje seg inn i. Men det kjem seg vell etter kvart!
-------------------------------------------

tirsdag 23. oktober 2007

22/10/07 Framføring av dei ulike læringsteoriane.

Eg var spendt på korleis dette skulle gå, me jo hadde ein litt annleis framføring i og med at me nesten ikkje hadde noko teori med i framføringa vår. Men alle hadde jo lest om dei ulike teoriane og sidan me var sist til å framføra, hadde dei fleste fått læringsteoriane inn med te-skei.

Men dette gjekk jo kjempeflott! Eg er storfornøyd med alle tilbakemeldingane me fekk! Det var utruleg gøy å stå på scena å ha stum-rollespel med forteljar.

Til alle dei andre:
Det var kjempe kjekt å sjå på kva dei ulike praksisgruppene hadde fått til. Alle hadde ei kreativ løysing på oppgåva, på kvar sin måte. Eg må sei at eg blei meir nervøs etter at eg hadde sett alle framføringane, då låg jo lista allerede SKY-HØGT!

Film, tegningar, powerpoint, rollespel, gode gamle transperang-metoden og mykje humor!! Ein applaus til alle i klassen frå meg!

15/10/07 Refleksjon

Praksismøte på HSH Haugesund




I dag var heile praksisgruppa samla på HSH i Haugesund for å dele kunnskapane om dei ulike læringsteoriane. Me hadde mange ulike oppgåver på plakaten i dag:



  • Kva slags teori/teoriar me skal presentera?

  • Korleis skal me leggja det fram til klassen?

  • Kva er vårt syn på best mogleg læring?


Då alle hadde fått presentert den læringsteorien dei hadde lest om, var det tid for brain-storming. Alle hadde laga seg tankar om korleis me kunne framføra oppgåva, men kva slags læringsteori skulle me velga?



Etter mykje om og men fant me ut at det er umogleg å finna KUN ein læringsteori som er den "rette" for best mogleg læring, men det er fleire. Så kvifor ikkje slå dei ilag? Me sette i gang med manus, powerpoint presentasjon og dramaaktivitetar me kunne bruke for å uttrykkje oss meir.



Resultatet blei ein stum-mime-presentasjon samansett av desse læringsteoriane:

  • Behaviorisme
  • Konstruktivisme

  • Kognitivisme

  • MI-teori


Gled dykk til framføringa 22. oktober, seier berre eg...

08/10/07 Oppdrag: Pedagogisk grunnsyn.

I dag fekk praksisgruppene ei oppgåve av Birgit. Me skulle bli kjent med dei ulike læringsteoriane. Denne oppgåva skulle me leggja fram til resten av klassen på ein kreativ måte, mandag 22. oktober. Dette verka spanande! Her er det berre fantasien som sett grenser. Me fant oss eit grupperom og sette i gang med planleggjinga. Då me hadde sett opp ein plan for arbeidet, fant me ut at alle skulle gå heim kvar for seg, å lese på dei læringsteoriane ein blei tildelt. Alle på gruppa skulle skriva eit referat av den/dei læringsteoriane ein blei tildelt. Dette skulle me leggja fram for kvarandre mandag 15. oktober på HSH i Haugesund. Det var enklare for oss å ha møte der, i staden for å køyre heilt til stord!

Planen vår:
Me har fordelt læringsteoriane mellom oss. Dette skal vi ha klart for oss til mandag:
  • Trond: Behaviorisme og Neobehaviorisme
  • Cathrine: Kognitivisme og Konstruktivisme
  • Malin: Sosialkognitivisme og Sosiokulturellteori
  • Cecilie: MI-teori

Alle skriv eit kort referat som dei legg fram til dei andre.

-------------------------------------------

Seinare kommentar:

Kort om dei ulike læringsteoriane som me valte å ta utgongspunkt i: Årsaka til at me ville ta utgongspunkt i akkurat desse læringsteoriane var fordi alle læringsteoriane hadde gode syn på kva som var "rette måten å læra på" som me ville bli litt meir kjende med. Eg likte spesielt godt den teorien om multiple intelligensar, der alle kunne få finna sin intelligens å jobba ut i frå. Sjølv kjenner eg meg heime i den kinestetiske/kroppslige intelligensen. Eg likar å trene både ute på fotballbanen og inne på treningssenteret. Eg gjekk på idrett grunnfag her på Stord i fjor, og lærte ganske mykje av å gjere ting i praksis. Aktivitetane var mykje enklare å læra då me gjorde det inne i gymsalen, i staden for å lesa i ei bok korleis me skulle gjere det. Her kjem faktisk litt av John Deweys teori inn òg, "learning by doing".

Behaviorisme og Neobehaviorisme: "Sann vitenskap kan bare holde seg til det som kan observeres, telles og måles" (Imsen, 2005) Behaviorismen meiner at me kan forma menneskets åtferd dersom me kjenner lovane for stimulus og respons. Belønning og straff er viktige virkemidlar i denne samanhengen. Ifølge behavioristane er mennesket ved fødselen ei uskreven tavla, berre nokre få refleksar er medfødt, elles må alt lærast! Dei meiner også at alle kan læra alt, men nokon lærar fortare enn andre. Sentrale teoretikarar: Edward Lee Thordike (1874-1949), John B. Watson (1878-1958) og Burrus Frederic Skinner (1904-1990)

Kognitivisme og Konstruktivisme: I denne læringsteorien er det dei indre, kognitive prosessane, menneskets måte å tenkje på, som er utgongspunktet for å forstå læring.
Eksempel: Øystein og mamma sitter i bilen… Side 56 i boka ”Didaktisk arbeid”.
Prosessen inneber at ein prøver å forstå noko nytt gjennom å få det til å passa inn i det ein allerede veit. Me justerer vår tenking slik at den passar den nye informasjonen i staden for å justere informasjonen til å passa vår tenking.
Lærerens rolle i denne prosessen blir som tilrettelegger for eigenaktivitet.
Sentrale spørsmål blir då korleis hjernen organiserer kunnskapen, kva som eigentlig skjer når me hugsar og tenkjer, korleis me løyser problemet, osv.

Konstruktivisme tar utgongspunkt i teori om kunnskap og om kva det vil seie å tilegna seg kunnskap.
Filosofen og pedagogen John Dewey (1859-1952) var blant dei fyste til å legge vekta på individets aktive medvirkning i læringsprosessen. ”Learning by doing”. Det er når individet forstår samanhengen mellom handlinga og resultatet av den, at ein lærer noko.


Sosialkognitivisme og sosiokulturellteori: Psykologen Lev Vygotsky (1896-1934) er ein sentral teoretikar i denne teorien. Denne teorien legger stor vekt på betydninga av sosial samhandling og bruk av språket i lærings- og utviklingsprosessen.

Multiple intelligensar: Howard Gardner meiner at mennesker er frå naturens sida, er utstyrt med ei rekkje pontensielle evner, som det er opp til omgivelsane å kultivera og vidareutvikla. Mennesket har i utgongspunktet 7 ulike "intelligensar", hevdar han. Verbal-lingvistisk intelligens, logisk-matematisk intelligens, musikalsk intelligens, spatial intelligens, kroppslig intelligens, interpersonlig intelligens, intrapersonlig intelligens og natur intelligens.

Pedagogisk grunnsyn og læringsteori:

Eit pedagogisk grunnsyn er den virklighetsoppfatninga, dei verdiane og haldningane som ligg til grunn for pedagogisk arbeid. Medan læringsteoriane går meir på å forstå korleis læring skjer, og korleis eg som lærar kan bidra til auka læring. Men kvifor er det eigentlig så viktig for meg som lærar å ha eit pedagogisk grunnsyn? Korleis lærar elevane mine best? Det er akkurat det pedagogisk grunnsyn handlar om. Eg må finne læringsmetodar som eg trur elevane mine har mest utbytte av, og eg som lærar må også kunne forklara undervisningsmetodane mine. Ein skal alltid være bevisst på kva ein gjer, og kvifor ein gjer det slik. Ein må lære å kjenne elevane sine, ingen er like, og alle har sine måtar som ho/han lærar best på. Det var interessant å lese i Imsen boka om korleis læringsteoriane prøver å seie noko om korleis ALLE mennesker lærer, mens teorien om læringsstilar seier noko om korleis kvart individ lærar.

-------------------------------------------

Praksiserfaringar frå observasjonspraksis

Skåredalen skule

Korleis var veka?
Observasjonsveka gjekk fort. Mykje nye ting å læra å mange nye fjes å forholda seg til.

Mål:
Me skulle lage oss eit mål for observasjonsveka. Målet mitt var å læra seg namna til elevane å finne ut korleis dei jobba saman.

Namn:
Fyste dagen fekk me utdelt klassekart med namnet til elevane på pultane. Då vart det enklare å finna ut kven som var kven i klasserommet. Enkelte elevar gjer meir ut av seg enn andre, slik er det ofte i ein klasse. Eg merka at eg lærte namna til dei ”urokråkene” fortare, enn namna til dei som ikkje bråka så mykje. Det blir jo litt feil å setje fokus på dei som bråker mest, men likevel var det lettare å plukka opp namna til desse.
Eg har lært meg namna til dei fleste i klasse 7 b, men eg har forsett nokon eg er litt usikker på. Dette er noko eg kommer til å jobba meir med i neste praksisperiode.


Korleis jobbar dei saman?
Eg fekk eit inntrykk av at klasse 7 b hadde eit godt samhald i klassen. Sjølv om jentene jobba mest for seg, og gutane jobba for seg, var det likevel godt samarbeid når dei jobba måtte jobba i grupper på tvers av kjønna. Eg merka at elevane var nysgjerrige på oss studentar, det blei mykje spørsmål og spassering i klasserommet, då alle skulle visa fram både permar å andre arbeid dei var stolte over. Praksislærar virka som ho hadde kontroll på gjengen, å klarte å få tilbake roen i klasserommet.


Skulen:






Her ser me eit bilete av Skåredalen skule, kultur og idrettssenter.

-------------------------------------------

Seinare kommentar:

Observasjonens nytteverdi:

Observasjon kan verke som eit hjelpemiddel for læraren til å innhenta viktig informasjon om det einskilde barnet. Observasjon skal bidra til at du så nøyaktig som mogleg kan skildra det du faktisk ser i det daglege arbeidet ditt, ikkje kva du trur du ser, eller kva du kunne tenkja deg å sjå.
Då me var i praksis på Skåredalen skule, var vår oppgåve å observera. Me skulle velja oss tre observasjonar som me ville ha med i denne mappa. De ulike tinga som vi skulle setje fokus på var:

Korleis er skuledagen organisert?
Korleis ser lærearenaen ut? (Skulebygning, klasserom)
Korleis arbeida elevane med læringsstoffet i timane?
Kva held elevane på med i friminutta?
Korleis er uteområdet?
Korleis er skulen?
Korleis er samspelet mellom elevane i basisgruppa?
Kva type aktivitetar held elevane på med? (leik, sport, andre aktivitetar)

Eg tok fleire observasjonar, men dei tre observasjonane som eg valte og konsentrere meg om var:
Korleis er skuledagen organisert?
Minutt observasjon av ein elev.
Korleis ser lærearenaen ut?

Døme på observasjon: Korleis er skuledagen organisert?
Klokka ringer inn kvar morgon kl. 08.35. Då står alle elevane i 7b på 2 rekkjer utanfor klasserommet å ventar på læraren. Læraren kjem, låser opp klasserommet. Ingen får komme inn i klasserommet utan å handhelse læraren som står å seier ”god morgon” til alle og ein kvar. Elevane kjem inn å stiller seg ved kvar sin pult, og ingen sett seg ned før læraren er på plass ved kateteret, ho seier ein felles ”god morgon” til alle, før dei sett seg.
Kvar morgon byrjar dei med noko som dei kallar for ”lesekvarten”. Dette går ut på at alle har kvar si bok dei les i, heilt til kl.08.55, då startar timen. Observasjonsmetode: Loggbok= Avgrensa hendingar.


Timeplan for dagen
Kl.08.55- 10.00 Dobbeltime naturfag.
Tavleundervisning, der læraren fortel elevane om det temaet dei skal ha om. Læraren skriv stikkord på tavla.
Høgtlesing, elevane bytter på å lesa kvar sitt avsnitt.
Læraren bruker den digitale tavla (interaktive tavla) til å vise bilete.
Elevane får sjå ein nyheitsfilm frå NRK1, filmen handlar om det temaet dei har om, nemleg skaldyr.
Til slutt gir læraren elevane ei oppgåve. Oppgåva går ut på å velje seg eit skaldyr som dei skal undersøkje fakta og finne eit bilete av. I alt skal dei laga kvar sitt dokument.
Elevane får utdelt kvar sin PC, som dei skal bruke til å finna fakta å bilete av deg utvalte skaldyret.
Elevane kan velje om dei vil jobba individuelt eller saman 2 og 2.

Kl. 10.00-10.15 Friminutt
Skuleklokka ringer bare to gonger i løpet av dagen, kl.08.35 og kl.11.35. Altså klokka ringer inn om morgonen, og inn etter matfriminuttet. Derfor står læraren fritt til å velje sjølv dei andre friminutta i løpet av dagen.


Kl.10.15-10.40 Lesetime
I desse timane har elevane stillelesing i dei same bøkene som dei brukar på ”lesekvarten” på morgonen. Praksisgruppa vår fekk fri i denne timen til å jobba vidare med dei observasjonane me hadde tatt.

Kl.10.40-11.35 Matfriminutt
Etter tredje time er det klart for mat. Det er alltid to i frå klassen som har ansvar for å henta mjølk og frukt til dei som skal ha det, denne ”hente mjølk-lista” rullerer frå kvar veke. Ikkje alle i klassen har mjølk, men alle får frukt. Frukta er ulik frå kvar dag, og i dag fekk dei raude norske eple.


Klokka 10.55, har elevane lov til å gå ut. Då skal dei vera ute heilt til klokka ringer inn kl.11.35.


Kl.11.35-12.20 Arbeidsplan
På timeplanen står det at elevane skal ha mattematikk denne timen, men opplegget er slik at dei timane dei har mattematikk, norsk og samfunnsfag, skal dei jobbe med arbeidsplanen. (Se vedlegg). Men det er likevel mange som velgjer å jobba med mattematikken. I løpet av 7. klasse, skal alle elevane ta noko som dei kallar for ”gangesertifikatet”. Det går ut på at dei skal ta same gangeprøva tre gonger med alt rett, for å bestå sertifikatet. På prøva er det 100 gangereknestykke som dei skal rekne ut på under 10 minutt. (Se vedlegg.) Det er berre lov til å ta ein prøve pr. dag.
Timens organisering:
Lærer gir kort info om timen.
Elevane jobbar med arbeidsplan og gangesertifikat.
Lærer går rundt og hjelper dei som treng det.
Me i praksisgruppa er med å tar tida på dei som vil ta gangeprøva. Me er elles aktive observatørar.
Elevar med lese- og skrivevanskar har eigen assistent.

Kl.12.20-12.30 Friminutt
Dagens siste friminutt.


Kl. 12.30-14.00 Gymnastikk
Timens organisering:
Alle stiller seg inn til veggen.
Læraren gir informasjon om timen.
Oppvarming: ”Alle mine duer” og ”Stolleiken” (med ark i staden for stolar) med musikk.
Hovuddel: Volleyball, læraren forklarer serve og andre ulike volleyball teknikkar. Læraren blander jenter og gutar, dei øver fysst på dei ulike teknikkane. Spel på slutten, dei spelar på avgrensa område. 4 lag.
Avslutting: Uttøying, elevane tøyer ut armar og bein.
Timen sluttar kl.13.40, slik at alle elevane får tid til å dusja før dei skal heim.

Kva lærte eg av elevobservasjonane?
Her var det mykje nytt å setje seg inn i på berre ei veke. Alt dette med observasjon av elevar var nytt for meg. Til tider syns eg at det var vanskeleg å veta kva eg skulle observera, men dette fekk eg etter kvart kontroll over. Eg lærte at elevobservasjon var viktig i forhold til kartlegging av eleven utviklingsnivå. Eg la spesielt merke til dette i den eine gymnastikk timen som eg observerte. Her var det store forskjellar på unganes motoriske utvikling. Nokon var redd ballen og trakk seg litt vekk, mens andre brydde seg ikkje om at ballen kom i stor fart imot dei.
Gjennom observasjon kan ein også finne ut korleis eit barn trivst på skulen, med dei ulike faga og med klassekameratane. Eg trur det er viktig at læraren er observant på dette område. Barn som ikkje har det så bra på skulen, tørr ikkje alltid seie ifrå til ein vaksen, det er derfor lærarens jobb å passe på at alle trivst i klassen.


Seminardag på HSH:
I midten av observasjonsveka skulle me opp til Stord igjen. Me skulle ha ein seminardag i lag med A-klassen, som hadde observasjonspraksis på Langeland skule. Denne dagen var lærerik for min del. Det var interessant å dela observasjonserfaringar med dei andre i klassen. Etter seminaret var alt mykje klarare følte eg. Eg fekk eit større innblikk i kor viktig observasjon er for ein lærar, og kva det kan seie for elevane si skyld. Det var mange ulike observasjonar å få høyre om, men også nokon nesten like som var kjekke å samanlikne! Heilt på slutten av seminardagen skulle me få sjå ein film. Denne filmen var utruleg lang...eller den føltes kanskje berre lang? Eg trur eg hadde fått akkurat like mykje ut av denne seminardagen om ikkje denne filmen hadde blitt vist. Folk var trøtte etter ein lang dag, det fekk eg spesielt erfara når ho vedsiden av meg, sovna på skuldera mi...
Elles ein flott dag! Fint at dykk tar dykk tid til å høyra på korleis me hadde hatt det i observasjonsveka. Og takk for god veileiing undervegs=)
-------------------------------------------

tirsdag 2. oktober 2007

01/10/07 Å leia basisgruppa på læringsarenaen.

Korleis gjer eg det?
-
Me fekk ein god start på dagen, då Birgit stod i døra å ønska oss alle "god morgen". Alle hadde fått kvar sitt lys på pulten, 1. oktober, høst og mørketid. Eg trur det er viktig å kunna overraska elevane sine i kvardagen. Eg fekk vertfall ein god og positiv start på dagen!
Det var interessant å få høyre på framføringa til dei andre gruppene, litt domt at meg å Malin ikkje fekk bruka PowerPoint presentasjonen vår, men som sagt så kan alle finna den på Fronter. Flott at me skal få samla alle presentasjonane i eit hefte, det kan godt å ha med seg vidare.

I dei 2 siste timane snakka Birgit om korleis ein skal leia basisgruppa på læringsarenaen. Eg tror det er viktig at alle elevar føler at dei blir sett. Det var vell kanskje det Birgit ville fram til, når ho handhelsa på alle i klassen på morgonen?
Interessant å høyra om den nye generasjonen, og den samanlikninga Birgit hadde samalikna sin barndom med hennar eigne barn si barndom. Me tenkjer kanskje ikkje så mykje over korleis våre foreldre levde før?
-------------------------------------------
Seinare kommentar:
Men kva er eigentlig ein god måte å leia basisgruppa på? Finst det eigentleg noko fasitsvar på det? Kanskje ikkje...men eg har vertfall gjort meg nokon notat om kva som er viktig når ein skal leia ei basisgruppa. Det å opptre som ein tydeleg vaksen, er eit viktig punkt. Då eg var vikar på ein skule i Haugesund i fjor, fekk eg erfara kor viktig dette punktet var. Eg hadde ikkje fått noko informasjon på førehand korleis denne klassen var, så eg visste ikkje kva som skulle møta meg. Alleire etter fyste timen, fann eg ut kvifor det var så vanskeleg å få tak i vikar til denne 6. klassen. Dei var heilt på styr...gjorde akkurat det som passa dei, og var ikkje interessert i å høyre på nokon. Å denne klassa hadde eg takka ja til å ha fast kvar fredag i eit heilt år?! Kva skulle eg gjere? Etter nokon vanskelege fredagar fann eg ut at eg måtte gjere noko. Eg måtte setja meg i respekt hos elevane. No var det slutt på det såkalla "kompisimage", no var det EG som bestemte kva dei skulle gjera, og ikkje dei. Dette likte dei dårlig i begynnelsen, eg så hadde vært så "kjekk og snill" frå byrjinga av. Men etter kvart kom det seg, eg fekk ro i klassa, og dei gjorde faktisk som eg sa. Det var kjekt å sjå at eg skulle få dette til, og dei andre lærarane på lærarrommet lurte på kva slags middel eg hadde gitt dei? Det tar tid å setje seg i respekt, og med ein erfaring rikare, kjem eg nok til å vera ein tydlegare vaksen frå byrjinga av neste gong. Til slutt vil elevane finna ut at ein faktisk kan vera vennleg for det om ein har satt seg i respekt! Det er òg viktig å setja seg tydelege grenser, og visa elevane kvar desse grensene går. Dei skal veta at "NO ER DET NOK!" dersom dei kryssar dei grensene.

Eg er einig i at omgivelsane rundt, har mykje å seie for god læring. Dersom eg skal bruke same skule som eksempel (der eg hadde praksis i fjor), vil eg innrømma at eg ikkje trivdes så godt der. Det er ein gammal og nedslitt skule, som kommunen ikkje har spandert ei krone til oppussing på. Mange av elevane har til og med klasserom i brakker ute på skuleplassen. Eg som var student i faget idrett i fjor, hadde gymsalen som undervisningsrom. Mykje av dei opplegga som eg hadde laga for klassen, kunne eg ikkje bruka, på grunn av mangel på utstyr. Dette er synd for både elevane, og eg som lærar som hadde tenkt å kjøra eit bra opplegg for dei. Det er synd at det skal vera slik! Ein må tenke på at det er framtidas born som me skal læra opp, ikkje berre i gymnastikk, men generelt i alle andre fag òg.

Endå ein utfordring som ein vil møta på ute i arbeidslivet, er tilpassa opplæring. Ulike elevar, med ulike behov. Korleis vil eg leggje tilrette for desse borna? I dag jobbar heldigvis alle lærare i team. Eg vil tru det blir enklare for oss ferskingar å komma ut i arbeidslivet, når ein veit at ein har eit team som "back up". Kva gjer me med ein elev med problemåtferd? Då er det sikkert greit å ha lærarteamet der, både for råd og rettleiing.


Eg lærte mykje nytt i dag. Det er nok ikkje "berre berre" å klara å byggje opp eit godt læringsmiljø, men det handlar om gode vanar å rutinar heilt i fra starten av. Det er vell kanskje derfor det ikkje alltid er like lett å væra vikar?
Eg vil tru at det kan ta litt tid å finna sitt eige pedagogiske grunnsyn og sin eigen måte å undervisa på. Men etter kvart som ein får meir erfaring er det viktig at elevane får oppleva nye måtar å bli undervist på. Ein kan jo testa ut litt forskjellige måtar? Ein vil merke fort dersom elevane ikkje er nøgde med den nye metoden! Variasjon i undervisninga vil også verke inn på motivasjonen til elevane. Du kan jo tenkje deg sjølv kor keisamt det hadde vært å gjort den same tingen, på same måte, kvar dag? Ein klarer nok å laga seg gode rutinar sjølv om ein har god variasjon i undervisninga!
-------------------------------------------

Til slutt fekk me sjå ein film som handla om mobbing. Ingen barn fortjener å oppleva det som Robin Hopsdal gjorde. Mobbing burde vært 1. prioritet i skulen, men det var tydeleg at rektoren på denne aktuelle skulen ikkje tok dette alvorleg. Eg fekk frysningar nedover ryggen i tillegg til at eg kjende eg blei sint. Heldivis har han det bedre på ein ny skule nå. Bra at det enda godt=)