onsdag 9. april 2008

06/04/08 Rettleiing og vurdering

"Alle presentasjoner blir vurdert og korigert, enten gjennom karakterer eller gjennom uformell vurdering." (Imsen 2005:130)

Det er klart at det er viktig med vurdering og rettleiing i skulen. Det er ikkje alltid dei yngste som av og til er "ute å kjører", men også me vaksne treng ei form for rettleiing. Etter at eg byrja her på Lærarhøgskulen, har eg merka spesielt godt kor mykje vekt det blir lagt på god rettleiing. Og det er jo kjempe bra! Me leverer inn oppgåver, får ei vurdering og får ein tjangs til å sjå igjennom oppgåva før me leverer den inn igjen. Ein lærar av sine feil, og får i tillegg tjangs til å retta dei opp igjen! Det er både lærerikt å motiverande for vidare arbeid når du har ei slik form for vurdering. Då får ein driv til å gjera det endå betre på 2. utkastet.

Åshild nemnte dei oppgåvene som ein rettleiiar har:

  • Å vera utforskande saman med den som vert rettleia
  • Å stilla dei gode spørsmåla
  • Å gje råd
  • Å korrigera

Då byrja eg å tenkje på matematikk og ped. oppgåva! Nemeleg stilla dei gode spørsmåla! Det var jo akkurat det me skulle øva oss på ute i praksis. Me skal ikkje leggja svaret i munnen på elevane, men som sagt stilla dei gode spørsmåla slik at eleven finn ut av svaret sjølv! Dette syns eg var eit viktig punkt, og spesielt sidan me hadde fokusert så mykje på det i forige praksisperiode. Å korrigera, var også eit av punkta eg vil leggje vekt på. Som rettleiiar må ein ha evne til å "snu" eleven dersom han/ho er på feil veg. Alle punkta her er viktige, og alle definerer godt kva slags oppgåver ein god rettleiiar har.

Men kvifor er eigentlig vurdering så viktig?

Eg vil sitera eit sitat frå Roar Engh:

"Når elevene utvikler en bevissthet om læringsmål og får hjelp til å vite hva som bør gjøres for å nå målene, vil denne hjelpen nødvendigvis resultere i økt kompetanse. Samtidig kan lærerne vise at de forventer at dette arbeidet blir gjort, noe som er en forutsetning for motivasjon, innsats og tilfredstillende læringsutbytte."

Han meiner at god vurdering fremjar læring, fordi elevane blir meir bevisste på kva som skal til for å gjere det betre. Dette er eg heilt einige med han i. Som eg har nemt tidlegare, har vertfall eg fått veldig mykje ut av den rettleiinga eg har fått her på Lærarskulen.

Me kan skilje mellom to former for vurdering:

  • Formativ vurdering
  • Summativ vurdering

Formativ vurdering:

Det ligg nesten litt i ordet, formativ, er med på å forme eleven. Denne forma for vurdering, er den eg likar best. Eleven kan arbeide med ei oppgåve, lærar gir tilbakemelding på oppgåva, slik at eleven kan arbeide vidare med oppgåva i rett retning. Eleven får konkrete tilbakemeldingar på kva som er bra, og kva han/ho kan arbeida vidare med.I summativ vurdering får du karakter på det du klarer å prestere der og då, mens i formativ vurdering får ein tjangs til å forbetre arbeidet sitt. Dette må vera den beste måten for vurdering meiner eg, kva meiner dykk andre?

Summativ vurdering:

Når eg tenkjer tilbake på då eg gjekk på ungdommskulen, var karakterer den forma for vurdering som eg hugsar best (summativ vurdering). Kvar gong me fekk igjen ein prøve gjaldt det om å bla fortast igjennom prøven til siste side, der karakteren var satt. Det var prestisje å få høg karakter, og me visste alltid kven i klassen som hadde fått den beste...For min del lærte eg ikkje så mykje av dette. Var eg ikkje fornøyd med karakteren, heiv eg prøven. Men fekk eg ein god karakter, gjekk eg heim å viste prøven til foreldra mine. Det var vanleg å ikkje byrja å lese til prøven før dagen før. Dette resulterte i at eg faktisk ikkje hugsa så mykje av det eg hadde lest, og eg lærte heller ingenting.

Oppgåva:

På slutten av dagen fekk me ei oppgåve av Åshild. Me skulle sjå på ein elevtekst å få prøva å gi ein vurdering til denne eleven. Dette fekk eg erfara at ikkje var den lettaste jobben i verda. Me sat lenge å diskuterte i gruppa før me vart einige om ein passande vurdering til denne eleven. Me fokuserte heile tida på det positive i teksten, men ga konkrete tilbakemeldingar på kva ho kunne forbetre til neste gong. Eg trur det er viktig for ein lærar å kunne fokusera på det positive. Eg vil tru eleven mistar ein heil del motivasjon dersom ein berre fekk negative tilbakemeldingar. Det var interessant å få høyre kva slags vurderingar dei andre i klassen hadde komt fram til, og det blei mykje god diskusjon på det heile.

Lærarar står føre ei krevjande oppgåve når det gjeld vurdering og rettleiing, og eg kan sjå for meg at det ikkje er alltid like lett jobb til tider. Eg er kjempeimponert over Birgit som har lest alle bloggane våre å ikkje minst gitt konkrete tilbakemeldingar til alle saman! Det står det respekt av! Det har vertfall vært til stor hjelp og ikkje minst kjempe motiverande for meg og mitt arbeid med bloggen !

Ingen kommentarer: