mandag 24. september 2007

24/09/07 Pedagogikk, didaktikk- dikkedikk?

Me blei einige om at me ikkje trong å blogga frå denne undervisninga denne veka, fordi me fekk andre oppgåver. Men eg vil skriva nokon ord likevel.
Eg har hatt om didaktikk før, men det er alltid greit å få ei oppfrisking! Flott at me får så pass god variasjon i timane. Eg likte den oppgåva der me skulle finna ut kva dei 7 mennesketypane betydde. Eg følte at eg fekk ein god gjennomgang av kva generell del av K-06 går ut på.
-------------------------------------------
Seinare kommentar:
Her har me oppsummert generell del av læreplanen: (bokmålsversjon)

Det meningsøkende mennesket: Bygger på kristne verdier, likeverd, ukrenkelig menneskeverd, gjensidig toleranse og respekt, ansvar for egne valg og handlinger.

Det skapende mennesket: Kreativitet og fantasi, møte nye ting med forventninger og virkelyst, imøtekommende mot andre, nyskapende/nytenkende, vitenskaplig forståelse og arbeidsmåte.

Det arbeidende mennesket: Gode arbeidsvaner (til skole og arbeidsliv), driv og vilje til gjennomføring, tro på egne evner, læringsstrategier.

Det allmenndannende mennesket: Evne til å se helheter og sammenhenger, samfunnsnyttige (lovgyldige) borgerer, felles "plattform".

Det samarbeidende mennesket: Demokrati, sosial kunskap, kommunikasjonsevner, plikter og ansvar, lokale samfunnets betydning, samarbeid med foreldrene essensielt.

Det miljøbevisste mennesket: Økologi og økonomi, mennesket i samspill med naturen, fysisk fostring, "nasjonalromantikk".

Det integrerte mennesket: Ansvar i arbeidsliv og skole, plikter og moralske prinsipper, empati, naturglede.

-------------------------------------------

I siste time skulle alle trekkje ei oppgåve som me skulle arbeide individuelt med, eller dei som fekk samme lapp, kunne jobba saman. På min lapp sto det "Tverrfagleg verkstad". Meg og Malin samarbeida, då begge trakk same emne. Me fylte ut eit skjema som Birgit hadde lagt ut på fronter. Emne skal presenterast for klassen i neste veke. Det blir spanande å høyre om dei ulike emna som dei forskjellige trakk. Til slutt skal alle emnene samlast i ei mappe, som alle får utdelt. Det blir kjekt å ha med seg vidare!

torsdag 20. september 2007

10/09/07 Observasjon

Å være observerande= veremåte

I dag handla økta om observasjon, sjå, oppdaga og følgje med. I neste veke skal me ha observasjonspraksis på Skåredalen skule, kultur og idrettssenter, og då kom desse timane godt med. Eg ser fram til denne veka med observasjon, og eg trur me får leggje merke til ting på ein annan måte etter denne økta i dag. Bli meir observange rett og slett!
Eg synast at det er vanskeleg å skilje mellom observasjon og tolking. Dette blir eit område som eg må jobba hardare med. Det er fort gjort å tolke noko mens du observerer. Dette fekk eg erfara når Birgit ga oss i oppgåve å observere ein/ei/nokon i ein halv time. Eg sat meg inn på bibloteket for å observere biblotekaren. Men dette var slett ikkje lett. Då alle kom inn i auditoriumet igjen skulle me snakka om observasjonane me hadde gjort. Det var då eg merka at eg hadde tolka ein heil del av observasjonen! Dette skal eg ta meg sjølv litt hardare i, å jobba meir med dette.
Me skal også skrive loggbok for observasjonspraksisveka. Godt me fekk ein gjennomgang av dette, og også intressant å høyre om dei andre ulike metodane å observera på.
Eg gler meg til observasjonsveka, eg trur det kan bli ei spanande men òg utfordrande veke!
-------------------------------------------
Seinare kommentar:
Dersom du vil veta meir om mine erfaringar med observasjon, kan du lesa innlegget "Praksiserfaringar frå observasjonspraksis". Her skriv eg om mine erfaringer frå veka med observasjon, observasjonens nytteverdi, observasjonslogg og seminardagen på HSH.
-------------------------------------------

onsdag 5. september 2007

05/09/07 Læraren sitt mandat & mange oppgåver.

Eg forstår Birgit godt når ho seie at ho ikkje er interessert i ei oppsummering av det ho har sagt i timen, inne i bloggane våre. Derfor skal eg prøva å oppsummera minst mogleg, og heller komma med tankar og refleksjonar fra stoffet me gjekk igjennom i dag.
Eg må sei eg fekk mykje nytte ut av desse 4 timane me hadde i dag. Spesielt i den delen der Birgit tala om lærarens mange oppgåver. I denne delen gjekk me spesielt innpå omsorgsarbeidet til ein lærar.

Omsorgsmessig observasjon ved omsorgssvikt.

Dette går ut på at ein lærar er plikta til å melde i frå ved mistanke om at barnet kanskje ikkje har det så bra heime.
Men korleis er rette måten å gå fram på i ei sak som dette?
Korleis vil foreldra reagera når ein annan person seie at barnet deira ikkje har det så bra?
Bør læraren snakka med nokon om saka på førehand?
Spørsmåla rondt akkurat dette temaet er mange, og eg følte me fekk ganske mange gode svar fra Birgit i timen i dag. Ho kom også med gode eksempler frå ulike situasjonar innen dette temaet.
Eg håpar selfølgelig at eg slepp å ta opp situasjonar som dette med foreldre nokon gong. Men eg veit at som lærar må eg alltid vera forberedt på at tilfeller ved omsorgssvikt kan henda.
-------------------------------------------
Seinare kommentar:
I den delen då me snakka om omsorgssvikt, følte eg at eg kunne få ei stor utfordring. Tenk å vera nyutdanna lærar å bli kasta opp i ein sak som har med omsorgsvikt å gjere? Kva slags forhold skal eg ha til foreldra? Korleis vil dei sjå på meg? Eg er antageligvis mykje yngre enn dei, og ikkje har eg born sjølv heller. Korleis skal eg då fortelja dei korleis dei skal ta seg av sitt eige born? Det er mykje som kan verke skremmande på dette området, og dersom eg ein gong skulle komma opp i ein slik situasjon, vonar eg at eg har månge års erfaring i yrket bak meg...
Det å leia ein klasse, ha omsorg for elevane og planlegging, syns eg er 3 temaer som alle er viktige for ein lærar. Men som sagt er kanskje den delen med å ha omsorg for elevane, den største utfordringa. Her gjeld det å ha eit godt og tett samarbeid med føresatte, rektor og sosail rådgivar dersom det skulle oppstå ein uønska situasjon. Er TPO også innblanna i saker som omhandlar omsogssvikt?
-------------------------------------------

Vidare fekk eg vri hjernen litt når me fekk spørsmålet om korleis me ville forberede oss til eit nytt tema. Korleis me ville læra oss stoffet, og korleis me ville leggja det fram for elevane. Dette hadde eg ikkje tenkt så mykje på før! Men heldigvis tok eg gode notater i timen:

Undervisning: Nytt tema.


  1. Finn ut kva eleven skal lære (LK-06). Planlegg ut i frå det som står i læreplanane.
  2. Finn fleire opplysningar enn det som står i lærebøkene. (Internett, leksikon og biblotek.)
  3. Lag opplegg etter kva slags nivå elevane befinn seg på. (Sjekk ut sida www.udir.no/grep, eller les om barns utvikling i Imsens "Eleven verden").
  4. Planlegg økta/timen godt. Lag ekstra opplegg dersom tid til overs. Prøvekjør opplegget ditt.
  5. Start timen med ein spanande forteljing om temaet. Kanskje nokon av elevane kan noko om temaet fra før? La dei få komma med innslag.

Som lærar er det viktig å veta korleis ein skal gå fram når ein skal presantere eit nytt tema. For oss som skal ut i praksis snart, var dette utroleg nyttig å få greie på.

Elektronisk e-post og søkemotarar:

Greit at me gjekk i gjennom "skikk og bruk" når det gjaldt e-post. Men det var ikkje så mykje nytt som eg ikkje viste frå før. Eg fekk skreve ned ein del nyttige nettsider som Birgit anbefalte. Det var greit å få med seg, ein kan jo kanskje bruka dei i ein undervisning i praksis?Eg trodde ikkje eg trengte ein gjennomgang av korleis ein skulle bruke google. Men det trengde eg tydeleg! Nå veit eg korleis ein skal unngå å få 10 000 treff på søkeordet. Dette var slike praktiske dataopplysningar som eg tror alle hadde godt av ein liten oppfriskning av! Til slutt må eg få sei at eg blei mektig imponert av google earth! Tenk så fantastisk program! Ein kan jo reisa overalt i verden med eit lite tastetrykk. Alt virka så stort og komplisert. Lura på kva slags kompetanse du må ha for å komma på å laga eit så genialt program?