fredag 18. april 2008

14/04/08 Skulefrukost på Børtveit!

Det er vell ingenting som er betre enn å starta dagen med ein god og lang frukost!

"Uten mat å drikke, duger dagen ikke!"

(Setninga ovanfor er skreven på bokmål, då det ikkje rimte så godt på nynorsk...)

Eg trur aldri eg har hatt ein så engasjert lærar som deg Birgit. Organiserar frukost for elevane sine! Akkurat som om du ikkje hadde nok å tenkje på i desse travle eksamenstider. Me fekk til og med ferdig oppsett liste på kva kvar einskilt skulle ha med seg til frukosten! Det får vertfall meg til å føla at eg blir sett pris på.

Eg fekk ein utroleg bra start på dagen denne morgonen. Godt pålegg, gode rundstykker, god melk og god juice, og ikkje minst dei gode vafflene til dessert! Eg kan hugse tilbake til ungdomsskulen at me hadde måltider i lag i klassen i forbindelse med heimkunnskapen. Men etter at eg gjekk ut frå ungdommskulen, har det vært lite og ingenting av det. Kvifor er det slik? Det er like viktig med eit avbrekk i skulekvardagen sjølv om ein blir eldre. Eg trur det er viktig å av og til ta seg tid til det sosiale fellesskapet i ein klasse, ikkje berre på barneskulen og ungdomsskulen, men også dei vidare klassane ein skal opp i.
På bilete her ser du sitjeplassen me gravde ut i snø på Vågslid i fjor. I idrettsklassen var me veldig flinke til å eta måltider i fellesskap. Det er ein av grunnane til det gode å nære klassemiljøet me fekk i løpet av året. I denne sitjegruppa av snø, kunne heile gruppa sitta samla å eta, og ikkje minst laga maten i lag. Dette var både sosialt og koseleg, og ein lærte å kjenna kvarandre betre.

Samansette tekstar: Etter ein god å lang frukost, skulle me få sjå alle dei andre sine samansette tekstar. Dette hadde eg gleda meg til! Alltid kjekt å få sjå kva slags måte dei andre har gjort oppgåva på. Eg er nysjerrig av natur...har berre alltid vært slik! Her var det mange bra barnebokpresentasjonar! Kvifor hadde ikkje eg tenkt på denne måten? Sjølv om eg er ganske fornøyd med resultatet av Karius og Baktus presentasjonen min, fekk eg no mange nye idear som eg kunne ha gjort annleis! Eg trur ikkje eg var den einaste som sat igjen med mange nye idear som eg kunne ha brukt dersom det kom ei ny oppgåve med ein samansatt tekst...

Bra jobba alle saman!

Ingen kommentarer: