torsdag 3. april 2008

"Aldri så seint at det ikkje er godt for noko!"

Praksisperiode 2
Eg har faktisk gløymt å leggje inn refleksjonane rundt praksisperiode 2 veke 46 og 47 2007, men her kjem dei (endeleg...)

Personleg mål for praksisperioden: Å få ein innføring i det å planlegga, undervisa og evaluera fleire ulike undervisningstimar.

Tida på skulen før praksis, gjekk mykje i planlegging. For dei fleste av oss, var dette den fyste verkelege praksisperioda! Og det blei ikkje mindre planlegging på dei neste vekene som venta oss... Sjølv om eg hadde vært i praksis året før, var dette ein heilt ny oppleving. I fjor var læringsarenaen gymsalen, i år var det klasserommet. Tanken på å stå føre ein klasse og faktisk undervisa i eit fag, skremte meg litt. Korleis skal eg leggje fram stoffet til elevane? Kva hjelpemidlar skal eg ta i bruk? Vil eg klare å læra frå meg noko i det heile tatt?
Ja det var mange tankar som suste i hovudet mitt kvelden før fyste praksisperiode.

Me blei godt mottekne på Skåredalen skule. Eg følte meg velkomen frå dag ein. Dette gjorde alt så mykje tryggare. Både praksisklasse 7b og praksislærar hadde me fått treffa i observasjonsveka. Ville elevane kjenne oss igjen tro?

Diamantskjema:
Me fordelte timane oss i mellom på gruppa, men samarbeida med planlegginga for å hjelpa kvarandre. I byrjinga tok det litt tid å fylla ut desse diamantskjemaene, men me fant fort ut at det var eit godt hjelpemiddel! Skjemaene hjalp oss med å hugse på vesentlige ting å tenkje over i ei planlegging av ei undervisningsøkt. Til dømes: Kva skal ein gjere, og kvifor? Korleis vil eg gjere det? Organisering, skal dei få arbeide to og to, eller individuelt? Kva slags utstyr treng eg til desse timane, noko eg skal kopiera? Kva er måla til desse timane, vil elevane få utbytte at dette?

Undersøkelsesslandskap:
Me hadde sett av dei tre fyste timane på onsdagen veke 46, til matematikkprosjektet vårt. Alle på praksisgruppa var spente på korleis gjennomføringa kom til å gå. Me delte klassen inn i fire grupper og satt i gong. Cecilie tok seg av innleiinga av matematikkprosjektet. Matematikkprosjektet gjekk over all forventning! Elevane var engasjerte og flinke til å følgje med på kva me hadde å sei. Eg tykte me passa tida bra, med tanke på rullering av grupper og friminutt. Kvar gruppe hadde ca. 20-25 minutt på kvar stasjon. Elevane ga uttrykk for at dei tykte dette va kjekt og spanande. ”Kvifor har aldri me gjort dette her før i matematikk timane?”, var det ein så sporte praksislærer om. Kjekt å få så mykje positiv respons på dette opplegget med brøk og deling som tema.
Poenget med denne matematikkoppgåva, var at me skulle skape eit undersøkjelseslandskap. Me skulle stilla dei gode spørsmåla: ”Korleis gjorde du det?”, ”Finns det andre måtar å gjere det på?”, ”Kan du forklara kva du tenkte her?” Me skulle skriva ei eigen mappeoppgåve for denne matematikkøkta. Matematikk og pedagogikk oppgåva.


Min fyste undervisningstime:
Då var det endeleg min tur til å få prøvd meg framme aleine ved kateteret. Me starta dagen med tre timar naturfag. Eg satt heime heile kvelden dagen før, for å laga eit godt opplegg for elevane. Temaet i dag var ”planter og smådyr ved ferskvatn”. Me starta som vanleg med lesekvarten. Etter det, hadde me litt teori om plantene og smådyr som me kunne finna ved eit ferskvatn. Eg hadde laga eit hefte til elevane, med spørsmål og nokre faktasetningar om plantene. Etter at alle hadde gjort oppgåvene, var me klar for å gå på ein liten ekskursjon til Løkavatnet. Vatnet ligg rett nedanfor skulen, så det var ikkje lange vegen. Oppgåva til elevane var at dei skulle sjå om dei fant dei ulike plantene som me hadde snakka om i klasserommet. Me hadde også utstyrt oss med ein bestemmelsesduk. På denne duken er det bilete av alle smådyr som lever i og ved ferskvatn. Meininga med denne duken var da at dersom elevane fant eit dyr som ingen viste kva var, kunne me berre samanlikne dette dyret med dyra på bestemmelsesduken. Elevane satte i gong med å leita, men i og med at det var vinter og lite dyr å finna, gjekk elevane fort lei av å leite etter dyr som dei ikkje fant. Dette resulterte i mykje springing og fjasing rundt omkring, i staden for å gjere det som dei fekk beskjed om. Eg var ein gong nede i bekken for å henta ein som hadde "plompa", og fleire gonger ned til vannkanten for å passa på dei 2-3 som prøvde å gå på isen...Godt at eg hadde medstudentane med meg!

bilete: Kva slags dyr er dette?
Konklusjonen med denne turen var vell at organisering når ein kjem ut frå klasserommet er VIKTIG! Det kan bli mykje sprell om ein ikkje har tenkt ut dette på førehand. Siste ting var at det ikkje var lett å finna dyr og planter på denne årstida (godt å veta til ein annan gong...) Det einaste me fant, var ei inntørka Selsnepa. Me hadde på førehand lært at dette var Noregs giftigaste plante! Men det var nokon veldig kjekke og lærerike timar, med litt teori og mykje morro!

Til slutt:

Eg vil sei at denne praksisperioda har gjort meg meir overbevist om at eg vil bli lærar. Praksislærar har vært ein fantastisk vegleiar gjennom heile perioden. Ho har gitt meg konkrete tilbakemeldingar på ting som er bra, og ting som eg må arbeide litt meir med. Dette har hjelpt meg utroleg mykje. Eg føler sjølv at eg har forbetra meg på mange områder, men veit at eg har forsett ei del ting å arbeida vidare med. Eg sitt igjen med den følelsen av at eg gler meg til neste praksisperode, og det er jo ein positiv følelse, ikkje sant?

1 kommentar:

Cecilie sin blogg sa...

Hei, det va litt av ein refleksjon øve praksis, fått med møkje bra her :)

Ang bilete du har lagt ut av elevane så bør du sjekka om det er grett, er litt usikker på om det faktisk er lov??? Vett Birgitt har snakka ein del om at me må vera forsiktig når det gjelder anonymisering av elevane:) Så du bør nok undersøka litt om der er lov eller ikkje.