mandag 14. januar 2008

14/01/08 Punktpraksis

Planlegging
Eg var berre med på planleggingsdelen på denne oppgåva, fordi punktpraksis føregjekk når eg var i Thailand. Men eg må seie at eg fekk veldig mykje ut av den planleggingsbiten, vonar eg får litt informasjon frå gruppa korleis opplegget fungerte i praksis?

Temaet vårt var svartedauden og nettvett. To heilt forskjellige ting med andre ord! Eg tvile på at dei hadde verken internett eller data på den tida svartedauden herja i landet!
I samarbeid med vår praksislærar, fann me ut at me ville laga eit tredelt hefte til elevane. Me blei einige med praksislærar at ho skulle gå igjennom svartedauden med elevane, slik at dette ikkje var heilt ukjent for dei.
Del 1 i heftet var oppgåver som handla om svartedauden. Elevane skulle bruka internett og det dei hadde lært i går for å kunne svara på spøsmåla.
Del 2 handla om nettvett, her skulle elevane laga sine eige nettvettsreglar, men også lese om dei nettvettsreglane ein kunne finne frå før.
Del 3 skulle hjelpa elevane til å komma fram til sikre kjeldar på nett, korleis ein kunne søkja etter den informasjonen ein var interessert i, og kor mykje informasjon ein kunne finna om seg sjølv på internett.

Opplegget som me har laga skal gå over 3 skuletimar. Vår oppgåve blir å væra dei gode rettleiarane for elevane. Elevane skal få prøva seg sjølv, men det er me som skal styra dei inn på rett spor dersom dei dett utenfor. Før me deler ut dette heftet, vil me gå igjennom nettvettsreglane felles i klassen. Me vil òg gå igjennom bruk av internett, sjølv om mange er flinke på dette området frå før.

10/01/08 Animasjon, film, lyd, digitale forteljingar og samansatte tekstar.

Dagen i dag gjekk til nedlasting av dei ulike programma som me får brukt for litt seinare. Det var godt at me tok denne nedlastingsdelen i fellesskap, for eg forstår ikkje alltid heilt kva eg skal trykje på, å kor programmet blir av dersom/når eg har lasta det ned. Alltid godt med litt hjelp!! Eg kan ikkje sei at eg hugsa så mykje frå den filmen som blei vist på storsjermen i byrjinga av timen...det gjekk alt for fort i svingane for at eg klarte å få det med meg. Eg veit at det skulle forestilla ein opplæringsfilm av Windows movie maker og at den gjekk på svensk, men trur eg må sjå den eit par gonger til heime, for at eg skal skjøna kva det går ut på.

Cartoonist var ei artig side vil eg seie. Her kunne eg dikta min eigen teikneserie med sjølskrevne replikkar! Dette var jammen meg gøy, heilt til eg kom borti ein knapp...så forsvant alt...gjekk ikkje ann å trykje på nokon angreknapp her i gården. Men alt i alt ei flott side med fengande fargar og figurar.

Pivot var også eit kjekt program! Her var det berre til å forme figuren slik du ville den skulle være, for deretter å sleppe fantasien laus i paint for å lage bakgrunn til denne tøysemannen. Me hadde mykje lått og løye med dette programmet, og det var mange fantasifulle bakgrunnar i klassen.
-------------------------------------------
Seinare kommentar:
På bilete nedanfor ser du dansemannane som meg og Trond laga i Pivot! Bakgrunnen (diskoteket) laga eg i eit teikneprogram som vert kalla Paint. No kan du berre trykka på bilete å sjå om mannane vil dansa for deg!



-------------------------------------------


Når det gjaldt dei digitale forteljingane kunne me gå inn på ei side som heiter http://www.digitalefortellinger.com/ å sjekke ut kva det går ut på. Me fekk også sjå ein god digital forteljing om ein gut så hadde vært sjuk. Med denne filmen fekk me eit godt eksempel på kva ein digital forteljing er.

tirsdag 8. januar 2008

07/01/08 Born og nye medier

Nytt år, med nye moglegheitar! Godt med julefri, men òg godt å få komma i gong igjen. Temaet me skal arbeida med i dei neste vekene som kjem, heiter born og nye medier. Eg vil tru at dette er eit ganske relevant tema for oss i den tida me lever i no. Eg hugsa sjølv at eg var 14 år å "chatta" på internett, men det var ikkje så stort fokus på unge og chatting i den tida. Det er i nyare tider me får høyre om dei mest ekstreme tilfella som oppstår ved chatting, valdtekter, barneporno, bilete av seg sjølv i berre trusa ved å nevne nokre tilfelle...Dette gjeld sjølvsagt ikkje berre internettchatting, men òg på mobil og meldingar! Eg hadde ikkje ein gong mobil då eg var 13-14 år eg!!

Månge unge veit ikkje heilt kva dei gir seg ut på, då dei gir fullt navn og telefonnummer til framande på internett, kanskje slenger dei ved eit bilete av seg sjølv også. For å teste ut korleis chatting på internett fungerar i dag, logga ein medelev seg inn på SolChat som "j14". Og vips, var det ca. 15 henvendingar på skjermen som sto å blinka, utan at "j14" hadde gjort noko som helst for å ta kontakt. Sånn heilt utan vidare fekk ho spørsmål om ho ville kose og kva slags stilling i senga ho likte best. Dette er jo bare heilt utruleg!! Det var sjokkerande å sjå kor månge ekle spørsmål ein kunne få på ei slik chattesida. Eg trur det er viktig at foreldra har god oppfølging på ungane sine når det gjeld slike sider som dette. Forklare dei godt kor farleg det kan vere, og kva slags konsekvenser det kan få. Barn og vaksne kan gå ilag for å finne nyttige å trygge plassar på nettet for barn, der ein ikkje treng å leggje ut informasjon om seg sjølv med navn og bilete.

Det var kjekt å få tid til å sjekka ut dei aktuelle lenkjene for dette emne, http://www.dubestemmer.no/ og sidene til SAFT. Spesielt kjekt var det å få sjå videosnuttane på dubestemmer.no, her var det mykje løgne filmar med eit godt poeng!

Plagiering var eit nytt ord for meg, men etter kvart som me snakka om det, skjøna eg kva det gjekk ut på. Det eg månge som ikkje veit at det er ulovleg å lasta ned private bilete frå internett, sjølv om bileta ligg tilgjengeleg for alle, skal ein ALLTID spørje den som eig bileta om lov til å bruka dei. Dette gjeld sjølvsagt songar og dikt. o.l. også. Då er det flott at nokon har oppretta biletbankar som ein har lov til å lasta ned bileta gratis og utan å spørje. Word har ein slik biletbank, der elevar kan henta bilete.


-------------------------------------------
Seinare kommentar:
Dersom nokon lurar på kor me finn desse gratis bileta på nett, har eg eit par internett adresser her til dykk:




På desse sidene finn dykk mykje bra bilete som er allerie gitt løyve om å bruka. Vær merksamd på at den sist nemte internettadressa finn ein både gratis bilete og ikkje-gratis bilete, men bileta er merka, så det er ikke vanskeleg å finna ut om ein kan bruka dei!

-------------------------------------------