tirsdag 4. desember 2007

03/12/07 Animasjon og bilethandsaming

I desse timane måtte eg konsentrera meg 110%!! eg har alltid hatt lyst til å kunna redigera, klippa og fiksa på bilete som eg har på pc`en min heime, men korleis gjer eg det? Dette skulle eg få læra i dag! Han mannen som snakka om programma, gjekk veldig fort fram. Det var til tider vaskeleg å henge med på alt han sa og gjorde fram på tavla. Alt dette var jo nytt for meg, og alt er litt vanskeleg fysste gongen har eg funne ut...

Var greit å få tilgang til ei side på nettet der me kunne lasta ner gratis bilete som me kunne bruka. Me fekk i oppdrag å lage ein plakat, og dei 10 beste plakatene skulle få lov til å henge i klasserommet. Ikkje at eg blei ferdig med plakaten i desse timane akurat...Men frista for innlevering blei satt etter jul! Å då kan ein jo få øvd seg i ferien kanskje?

På bilde ser du ein dansande pinne-mann...han prøver å dansa ein merkeleg dans... klikk på bilete, så får du også sjå!
-------------------------------------------
Seinare kommentar: Plakaten min!


Her ser du plakaten som eg har laga! Den blei ramma inn å hengt på veggen i klasserommet. Heile klassen var med på å bestemme kva slags plakatar som skulle hengast opp.

-------------------------------------------