tirsdag 28. august 2007

27/08/07 Godt samarbeid, krev god kommunikasjon.

Der var 4 nye pedagogikk timar gått, og eg er klar for ein refleksjon av timane. Som overskrifta seie, handla dagen i dag om samarbeid og kommunikasjon. Eg synast det vart interessant å høyre om kvar mange forskjellige samarbeidspartnarar ein lærar hadde i skulen. Eg fann ut at det er ganske mange ulike personar ein lærar må forholda seg til. Vidare snakka Birgit om kommunikasjon. Eg lærte forskjellane på verbal og non-verbal kommunikasjon, ein tenkje liksom ikkje så mykje over at ein bruke faktisk kroppsspråket i 70% av kommunikasjonsprosessen! Ganske utruleg! Litt viktig for ein lærar å halde maska forde om ein har ein dårleg dag då!
Greit å få greie på kva god kommunikasjon eigentlig er! Dette synast eg me gjekk godt igjennom.
Ynskjer å formidla= det vi formidlar?
Ja, får me verkeleg fram det me vil sei, på den rette måten? Dersom ikkje, oppstår det ei kommunikasjonsbrist. All kommunikasjon blir koda og tolka. Det kan altså oppstå problemer dersom den som skal tolke formidlinga, tolker den feil. Eller kanskje formidlaren koda formidlinga feil..?
Forvirra nå?
-
Den dokumentar filmen om kroppen og mimeleikane, var utruleg morosame!
Filmen:
I filmen kroppen beit eg meg spesielt merke i korleis vi mennesker unngår kommunikasjon med framande personar. Dette er noko som eg ikkje har tenkt så mykje over før eg egentleg såg filmen. Her er nokre eksempler tatt ut frå filmen:
  • Når ein skal på kino, sett ein seg aldri vedsidå av den framande personen, men ein sett seg heller ikkje for langt ifrå, for det ville ha vært frekt. Ein velg setet nr.2 fra den framande personen.
  • I parken sett ein seg aldri på ein benk der det sitt ein person frå før, men ein velger den ledige benken vedsidå av den benken personen sitt frå før.
  • Når ein møter ein framand person på ein veg, ser ein alltid ned i bakken eller ein annan plass for å unngå augekontakt med den framande personen som ein går forbi.

Som lærar trur eg det er viktig å ikkje unngå denne kontakten med framande personener. Lærarar har mange forskjellige personer han/ho må samarbeida med heila tidå. Læraren møter ofte nye born og foresatte kvart år, og er derfor nødde til å samarbeida med mange framande personar heile tida.

-

Mimeleikane:

Bodskapen i mimeleikane var at me skulle klare å uttrykje oss med kroppsspråket. Me blei delt inn i grupper, og kvar gruppa fekk ein tekst som dei skulle mime for heile klasse. Me fann ut at det ikkje var heilt enkelt til tider. F.eks. Korleis mimar me ein lege med blodskrekk?

Trond var forresten utoleg god i rolla som "homofil prest", kan tru han har spela rolla både ein og to gonger før?

Til slutt:

Birgit la ut ein artikkel av Kjetil Sander "Gruppedynamikk" som me skulle lesa sjølv. Her var det ganske mykje vanskelege ord som eg ikkje hadde høyrt om før. Men eg fekk med meg at artikkelen handla om ulike roller og køyrereglar for ei gruppe. Akkurat som me i praksisgruppa har laga køyrereglar for vår gruppe. Eg synast denna artikkelen var vanskeleg og lesa, men på ein annan måte forstod eg meir om kvifor det er viktig å laga køyrereglar for praksisgruppa vår.

-------------------------------------------

Seinare kommentar:

Her er køyrereglane for vår praksisgruppe:

  • Flertallet bestemmer i gruppa
  • Det skal være frihet til å ta til ordet
  • Det skal være åpenhet og ærlighet i gruppa
  • Gruppa skal holde en uformell tone mellom medlemmene
  • Det skal være rom for diskusjoner
  • Gruppas avtaler og tidspunkter skal overholdes
  • Gruppa skal informeres ved ting som dukker opp
  • Gruppa jobber sammen for å få til løsninger i fellesskap
  • Alle skal være med å dra lasset
  • Vi skal ha det gøy

-------------------------------------------

Flott med mykje varierte læremetodar! Dette lover bra!! Eg gleder meg allereie til neste pedagogikk time!

torsdag 23. august 2007

23/08/07 Ein lærar som eg hugsar godt

Ein lærar som eg hugse godt,
blanda seg i stor og smått.
Ingen ville hennar ha,
men ho vart berre likeglad.
-
Sigarellos var hennar beste venn,
hadde verken ungar eller menn.
Ho lukta alltid røyk og fest,
kan hende det var det ho likte best?
-
Lærarplanverket var ikkje hennar stil,
ho praktiserte noko anna, som gav oss tvil.
Kunne me klara heila skuleåret?
Det vart best om me snakka med skulerådet.
-
Armani, Gucci og Jean Paul varte bra,
elevar med moteklede ho ville ha.
Me som ikkje tok oss råd til slikt,
blei ikkje aksepterte og dårleg likt.
-
Alt skulle gå hennar veg,
men det praktiserte ikkje eg.
Det endte med dårleg karakter i hennar fag,
som blei berre verre for kvar dag.
-
Lei meg heim frå skulen eg kom,
far han lurte på kva det dreide seg om.
Ein lærar som mobba ungane dine,
Kva for ein lærar gjer slikt mot elevane sine?
-
På foreldremøtet gav far beskjed,
dårleg behandling av elevar ville han ikkje se.
Nok vart nok, og slutt på mobbing,
ho kunne finna seg ein annan plass med mykje meir jobbing...
-

Men eg har også mange gode lærarminner!




På bilete: Fjelltur med Idrett grunnfag, Jørgen, meg og Helga.

tirsdag 21. august 2007

20/08/07 Kvifor HSH Stord?

Ja, kvifor akurat Stord? Enkelt og greit fordi det er den nærmaste skulen for meg som tilbyr allmenlærarutdanning. Eg bur på Frakkagjerd å ynskjer ikkje å flytta fra heimen. 50 minutt med pendlig kvar dag, skal eg heller overleva!
Men når det er sagt, så er jo HSH på Stord ein flott skule, med eit flott beplanta uteområde! (Hagen nedanfor Adm.bygget bør sees). Som sagt gjekk eg her i fjor på Idrett å trivdes veldig godt!
HEIA STORD..!;)














På bilete: På Fjelltur med Idrett grunnfag. Prøv å såv i telt 10- 15 MINUSgrader!! Kaldt ja...

21/08/07 Kvifor lærar?

Historie:
Flyvertinne, det var det eg skulle bli. Heilt sida eg var ei lita jente har eg alltid reist mykje med foreldrene mine, sett mykje og opplevd mykje. Me tok som regel alltid fly til reisemålet, og det var alltid lika stas å sjå dei oppstasa flyvertinna i dei flottaste uniforma sine. Eg fekk det for meg at siden eg va på ferie, så var dei også det. Tenk for eit fantastik arbeid! Ette kvart som eg blei eldre veit eg litt mær om kva flyvertinne-yrket går ut på, og la dermed dei planane på hylla. Kvifor ha reising som arbeid når du kan ha det som hobby?
Eg er sikkert ikkje den einaste i verden så ikkje heilt har bestemt meg for kva eg vil bli å jobba med her livet. Det resulterte i at eg søkte Idrett grunnfag på Stord i fjor, ikkje visste eg at studiet var lærarutdanningretta. Det gjekk eit lys opp for meg, kansje det var lærar eg skulle bli?

Mitt valg:
Eg byrja dermed i litt feil rettnig på allmenlærarutdanninga, men var likevel på rett spor. Dei 6 vekene med praksis i barnaskulen, me hadde på Idrett grunnfag, var nok til at eg fant yrket eg virkeleg ville satse på. 3 år til med utdanning og mykje lesing skremde ikkje meg. Eg har alltid likt meg på skulen, og får god oppfordring og støtte heimante til å få meg ei god utdanning.
På Idrett grunnfag hadde me 2 studiedagar i veka. Eg fekk vikariat på Gard Barneskule, å byrja å jobba der fast som lærarvikar ein dag i veka. Då hadde eg ein dag med lesing og ein dag med praksis kvar veke! Ikkje månge så fekk den moglegheten. Som vikar møtte eg på fleire utfordingar. Håndtering av vanskelegstilte elevar, undervisa i fag som eg sjølv var usikker på, elevar som satte vikaren på "prøve" og ha timar uforberedt, var bare nokre av dei utfordringane eg møtte på.

Eg lika utfordringar, det må du nesten gjere som lærar, det blir nok av dei! Du blir kjend med månge nye identitetar heile vegen, og ingen er like! Eg er ein person som kjem lett i kontakt med nye mennesker, det gjeld også barn og unge. Barns utvikling ser eg på som eit spanande område, som eg gler meg til å ta del i. Eg håper eg kan bli både veivisar og rådgivar for dei borna som treng det.

Til slutt:
Det er ikkje bare ein faktor som spel ei rolle for mitt val som allmenlærerstudent, faktorene er mange. Men eg har her prøvd å gi folk eit godt inntrykk av kvifor eg vil bli lærar.

20/08/07 Blogg og ped, kva er det?

I dag hadde me 4 timar pedagogikk. Dei to fyste timane føregjekk i klasserommet, mens 3. og 4. time hadde me på datalabben. Pedagogikk er eit heilt nytt fagområde for meg, det er mykje å halde greie på, så her må me ikkje ligga på latsidå. Eg hadde lest kap. 1 i "Elevens verden" før desse timane, då var det lettare å følge med på kva læraren snakka om. Eg trur det er lurt å førebu seg godt te timane med pedagogikk, då det er mykje nytt å setje seg inn i. "Elevens verden" (ped.boka vår) var mykje enklare å lesa enn kva eg hadde trudd. Eg har berre lest kap. 1, men følte at eg klarte å forstå det forfattaren skreiv om. Imsen har skreve stikkord til oss ved sida av teksten, det gjore det enklare for meg å halde styr på kva eg las. Månge nye ord å utrykk fant eg også i boka, "generell psykologi og pedagogisk psykologi", det er kansje lett å bli skremde av alle desse uttrykka, men håpe på å bli betre kjend med dei etter kvart.
Eg syns den ideen med bloggen var ein kjempe idè! Då kan me hjelpa kvarandre med å forstå betre, i tilegg til å friska opp datakunskapene våre.
Pedagogikk verke som eit utfordrane fag med månge åpne svar på spørsmåla, men den utfordringen tar eg å håpe på å gjere mitt beste ut av det!

mandag 20. august 2007

20/08/07 Presentasjon

Cathrine Førland
-
Då har eg fått min egen blogg for første gong, skal prøva å gjere det beste ut av det=)

Mitt navn er Cathrine Førland, å ja, eg er faktisk frå Førland. Eg flytta til Frakkagjerd for litt over eit år siden, der eg bur ilag med hunden og sambuaren min. Huset eg bur i har utsikt til vatnet og er omringa av sauer, så her trivest eg godt! Eg blir 22 år i november, og har tidlegare gått Salg å service på Vardafjell, vært lærling, og tatt fagbrev i butikk. Men det var lærar eg ville bli. Eg tok 1 år med påbygg på Koparvik vgs. for å få studiekompetanse til å søka på HSH. I fjor gjekk eg Idrett grunnfag her på HSH, et fantastisk kjekt og sosialt år!=) I år er eg A1 student.




På bilete: Meg og min kjære samboar Tore=)

Eg håper på eit godt klassemiljø og mykje gøy dei neste åra her på Stord!=)