onsdag 2. april 2008

11.02.08 Ynskjeøkt - Spesialundervisning

Det var oss studentar som valte temaet for timen i dag. Og det var stort fleirtal om at me ville få eit djupare innblikk i spesialudervisning i skulen. Dette er eit tema som me heilt sikket vil møta på i den kommande lærarkvardagen. Enten du har erfaring eller ikkje, vil ein nok tideleg nok få komme bort i denne forma for undervisning.

Det er lagt meir og meir vekt på spesialundervisning i skulen no til dags. Eg hugsar tilbake på mi tid på barneskulen, då lærarane nesten ikkje praktiserte det i heile tatt. Eg kan hugse ein i klassen som fekk litt enklare matteoppgåver enn oss andre, men det var ikkje noko meir enn det.

Då me var i praksis på Skåredalen, var det to elevar i min klasse som fekk spesialundervisning. Den eine dagen fekk eg prøva meg i ein slik spesialundervisningstime med ein elev med konsentrasjonsvanskar. Dette var meir krevande enn ka eg hadde trudd! Me skulle gjere matematikkoppgåver, men han var interessert i noko heilt anna. Då var det mi oppgåve å få styrt han litt meir over på matematikken,og lengre vekk frå snakket om hund. Men dette kan du tru at ikkje var lett! For kvar gong han hadde løyst ei oppgåve, trudde han det var greit at han starta pratinga om andre ting igjen. Denne timen var utroleg lærerik for meg, det fekk meg til og med inn på tankane om å ta spesialpedagogikk som det 5. året i lærarutdanninga.

Eg blei interessert og gjekk og snakka med ein lærar som jobbar på ein skule i Haugesund, om spesialpedagogikk. "Nei, du må ikkje finna på å ta spesialpedagogikk som det 5. året. Du vil bli sette til kun slike elevar når du kjem ut i arbeidslivet!" Det var beskjeden eg fekk av denne læraren...
Eg blei litt skremd, og lurar på "er det verkeleg slik?"

For det om eg vil ta faget spesialpedagogikk, treng eg vel ikkje berre jobbe med elevar med ulike problemområder? Får eg vil jo også undervisa i ein klasse...

Det er trygt å veta at ein ikkje står aleine på eit slik felt. Det er viktig å ha gode støtteapparat rundt seg, som ein kan henvenda seg til i situasjonar der ein er usikker og treng råd. PPT er ein slik samarbeidspartnar. Alle er jo interessert i kva som er for elevens beste.

Eit nytt ord som eg lærte i løpet av desse timane var ordet "diskalkuli". Dette ordet brukar me på elevar som slit med vanskar i matematikken. Medan ordet "dysleksi" var eg kjent med frå før. (Lese og skrivevanskar) Som lærar har ein eit stort ansvar når det gjeld elevane. Ein må observera om ein kan finne symptoma til til dømes lese og skrivevanskar. Dette kan vere krevande dersom ein ikkje heilt veit kva ein ska sjå etter. Det er bare ein liten grunn til at alle lærare no til dags, burde ha brei kunnskap innforbi spesialpedagogikken.

No blir det mykje snakk om elevar med spesielle behov. Men kva med dei elevane som ikkje treng spesialundervisning? Me skal ikkje gløyme desse. Det er viktig å halde oppe motivasjonen til dei elevane som ikkje får reisa på bondegård kvar fredag eller får sitta så mykje med PC`en på datarommet. I praksis fekk eg eit inntrykk av at dei fleste elevane uten spesielle behov, forstod kvifor dei elevane med spesialundervisning hadde eiget opplegg.

Eg fekk mykje ut av denn økta, ikkje berre lærte eg nokon nye, nyttige begrep, men blei også eit hakk sikrare på at det er dette feltet som eg vil gå vidare med i mi lærarutdanning.

Ingen kommentarer: