tirsdag 29. april 2008

Sist men ikkje minst- Refleksjonsnotatet

Eit år har berre 365 dagar, og du kan tru at dei går fort! Når eg tar eit tilbakeblikk på det året som har gått, er det utruleg å tenkje på kor mykje ein kan læra seg på berre eit år. Det er mykje ny kunnskap som skal lagrast og ikkje minst hugsast! Pensumlista har vore lang og nokon av bøkene rimeleg tjukke, løye at eg ikkje er blitt skremd av? To av dei viktigaste grunnane til at pedagogikk faget har vært ein stor positiv oppleving for meg, byrja begge på bokstaven B. Birgit og blogg. Kva skulle eg ha gjort utan dykk?

Birgit som inspirator og bloggen som ei hjelpande hand.
Det har til tider tatt mykje tid, vært slitsamt å setje seg ned med, fått skrivesperre og vært heilt tom av tankar og idear i hovudet. Men samtidig, har eg aldri fått ei betre hjelp til studia! Det er sjølvsagt bloggen eg pratar om. Ein har vært heilt nøtt for å blogga, enten ein ville det eller ikkje. Bloggen skulle handla om refleksjonane og tankane rundt det aktuelle temaet som Birgit hadde prata om for kvar pedagogikktime. Men for meg, blei bloggen så mykje meir enn berre ein refleksjonsblogg. I byrjinga var eg flink med innlegga, og følte at eg hadde ganske god kontroll på blogginga. Men då nyåret kom, stilna det litt av… Det gjekk kanskje nesten to månader før eg byrja å skriva på bloggen igjen. Det var eit stort skippertak som skulle til før eg kom meg opp på banen igjen, men eg greidde det! Det var ein utruleg herleg følelse å væra tilbake i ”gamet” igjen, og etter det, har eg klart å følgja opp for kvar gong! Som eg sa tidlegare, var ikkje bloggen berre ei refleksjonsblogg. Eg sette mitt personlege preg på bloggen, og for meg blei det akkurat som ei dagbok med fagleg innhald. Ei ”dagbok” som ein kan sjå tilbake på, for å minnast alt det ein har lært i løpet av året! Rolla som kritisk ven, syns eg var vanskeleg frå dag ein. Kva om dei blir fornærma? Men eg skjøna etter kvart kva denne oppgåva som kritisk ven, gjekk ut på. Ein skal komma med konstruktiv kritikk til kvarandre for å væra til hjelp! Ikkje for å kritisera, men for å hjelpa medeleven til å gjere det betre. Kanskje du såg noko i bloggen han/ho kunne tilføye, som var relevant for temaet?

Utan Birgit, trur eg ikkje dette året med pedagogikk hadde blitt like interessant. Meir spenning og engasjemang i timane, har eg aldri opplevd frå ein lærar før. Birgit har hatt utruleg god oppfølging på oss, ho har alltid vært godt forberedt til kvar time, og ho har vist oss kva me kan gjere for å laga ein undervisningstime utanom det vanlege. Eg har lært mykje av det ho har sagt, og minst like mykje av det ho har gjort. Då eg i slutten av dette refleksjonsnotatet skal takke for i år, vil ag at du skal ta til deg det meste av takken.

Pedagogikkfaget
Forventningane eg hadde til faget pedagogikk, er blitt sprengt over grensene sine for lengst. Det vil seie at eg kanskje ikkje hadde så store forventningar til faget? Eg trudde heilt ærleg at dette faget skulle bli litt ”tørt” og tungt, mykje teori, og endå meir teori… Slik blei det så absolutt ikkje! Mykje teori er det sjølvsagt, men det har mykje å seie om kven som legg teorien fram og korleis teorien blir formidla. Birgit har vertfall klart å fått meg interessert i faget, noko som eg sett stor pris på, i og med at det er eit viktig fag med mange viktige område. Måten som ho har undervist på, har gitt meg inspirasjon og idear om korleis eg skal undervisa i eit klasserom, når den tida kjem.

Det er vanskeleg å setje ord på kva eg har lært i år, og kor mykje. Men ein ting er sikkert, eg ser ein klarare samanheng i det me har gjort av oppgåver, den undervisninga me har hatt og periodane med praksis. Eg syns at alt dette har vært relevant og nyttig å ha med seg til seinare, når eg skal trå ut i yrket som lærar. Arbeidet me har hatt med dei ulike gruppeoppgåvene og dei individuelle oppgåvene, har for meg handla om utvikling og kompetanse. Eg har lært å kjenne meg sjølv betre, og føler at eg har klart å utvikla meg til å bli meir moden med tanke på læraryrket og arbeidslivet.

Det at me har funne mykje sjølvvalt litteratur til nokre av oppgåvene, har gitt meg breiare kompetanse innan pedagogikkfaget. Arbeidet med praksismappa i forbindelse med praksis, har også vært ein lærerik prosess. I praksis fekk me verkeleg prøvd ut den didaktiske relasjonsmodellen og KAMPVISE –prinsippa. Det er godt å ha desse to til grunn, når ein skal planlegga ei undervisning.

Me har fått god rettleiing og vurdering på alle oppgåver som har blitt gjort i år. Noko som har vært ein lærerik prosess for meg. Dette har hjelpt meg til å få utvikla min kompetanse og mitt arbeidspotensiale. Eg har fått gode og konstruktive tilbakemeldingar på kva eg kunne ha gjort annleis og kva eg burde ha tilføye i oppgåva. Eg vil ta denne erfaringa med meg vidare ut i arbeidslivet, og eg vil prøva å bli akkurat like flink til å gi tilbakemeldingar og vurdering til mine framtidige elevar.

Pensum
Gode førelesningar og nokon til dels lettleste bøker, har gjort at eg har fått med meg mykje av pensumet. Eg likte spesielt godt Gunn Imsen si bok ”Elevens verden”, ei bok med god oversikt, notat i margen og mange gode døme. Litt tyngre var det å lesa i Lyngsnes og Rismark si bok ”Didaktisk arbeid”, men for all del mykje god teori her òg! Flott at me har fått moglegheit til fordjuping i mange av førelesningane. Eg har vært inne å kikka på ein del av lenkjene, men eg kan ikkje skryta på meg å ha vært innom alle.

Praksis
Praksisen er ein av dei tinga som har vært med på å gjere meg endå sikrare på at eg har valt den rette vegen ut i yrkeslivet. Utfordringane veit eg vil stå i kø, men så lenge eg er forberedt på det, skal eg klare det. I praksisperiode 3, lærte eg mykje om kor viktig det var å halde motivasjonen oppe i timane. Og den siste veka la eg hovudfokuset på motivasjon, og følte at eg fekk det ganske så bra til. Men den største utfordringa eg vil møta på, er nok TPO (tilpassa opplæring). Ingen born er like, og alle har rett til ei undervisningsform der dei lærar best. Det er ein tryggleik å tenkje på at lærarane jobbar i team nå, men ein vil likevel stå aleine om gjennomføringa i klassen. Eg syns forsett at det er uansvarleg å tru at elevane får det beste læringsutbytte av å være opp til 30 elevar i ei klasse, fordelt på ein lærar. Men dette får bli ein annan diskusjon… Det går sjølvsagt på tid, pengar og andre resursar. Så før det blir ei endring på dette, vil eg tru at dette vil bli ein av dei største utfordringane eg vil få.

I praksisperiodane har eg lært meir om korleis ein skal tenkje når ein skal planlegge ein undervisningstime. Der er viktig å tenkje på KVA ein skal gjere, KVIFOR ein gjer det, og KORLEIS ein skal gjere det, kort oppsummert, KVA, KVIFOR, KORLEIS. Dersom ein ikkje veit KVIFOR ein gjer den aktuelle tingen, ja kva er då vitsen?

I praksis hadde me ein fantastisk praksislærar. Ho var flink til å gi konstruktiv kritikk, og ga god rettleiing undervegs i heile perioden. Det var godt å ha ein kontaktperson å forholda seg til, ein som berre hadde vår praksisgruppe å konsentrera seg om. Ved praksisslutt hadde alle på gruppa eit møte med praksislærar, individuelt, for å snakka om praksisperioden. Eg fekk høyre mykje positivt om meg i rolla som lærar, dette blir litt av drivkrafta mi vidare i utdanninga. Men eg fekk også ein ting som eg kunne jobba vidare med: eg kunne gjera meg meir tydeleg i klasserommet. Dette kjem eg sterkare tilbake med i neste periode!

Oppgåvene
Læringsteoriane
Den aller fysste oppgåva som me hadde i pedagogikken, var oppgåva med læringsteoriane. Eg forstår no kvifor me blei ”kasta” ut i den oppgåva allereie så tidleg ut i semesteret. Me måtte jo sjølvsagt bli kjende med læringsteoriane tideleg, for å kunne etter kvart uvikla vårt pedagogiske grunnsyn igjennom året. Eg kan ikkje seie meg heilt trygg på dette området endå, sjølv om mitt pedagogiske grunnsyn har blitt sterkare etter praksisperiodane og matematikk og pedagogikkoppgåva. Heldigvis har eg to år igjen på lærarskulen, og plass til endå meir teori og fagstoff i toppetasjen!

Matematikk og pedagogikk oppgåva
Eg har aldri jobba så mykje med ei oppgåve, både før, under og etter, som matematikk og pedagogikk oppgåva. Me fekk ein god introduksjon til denne oppgåva, men eg satt likevel igjen i klasserommet som eit spørsmålsteikn. Dette kom seg etter kvart som eg byrja å ta fatt på oppgåva, og eg må sei meg ganske så nøgd med resultatet som eg leverte inn på Fronter i dag. I denne oppgåva fekk eg jobba masse med det å kunne skapa eit undersøkingslandskap. Eg lærte mykje om korleis eg skulle stilla dei rette spørsmåla, for å setje elevanes tankegong i arbeid.


Motivasjonsoppgåva
Casen med Mons, motivasjonsoppgåva, var ei av dei mest interessante oppgåvene. Eg var i Thailand då dei andre hadde førelesning om motivasjon, så eg måtte arbeide med stoffet på eige hand då eg kom heim. Arbeidet med motivasjonsoppgåva gjorde at eg forstod betre det eg hadde lest i Imsen boka og på dei førelesningane eg hadde henta ned frå Fronter. Motivasjon er viktig, både for deg sjølv og for elevane dine. Då eg var i praksis hadde eg et sterkt fokus på motivasjon, derfor var det kjekt å få arbeide med denne oppgåva i etterkant av praksis, slik at ein kunne ta med seg erfaringar ein hadde gjort i praksis, inn i motivasjonsoppgåva. Spesielt lærerikt var det å kunne finne moment som læraren kunne gjere for at Mons skulle bli motivert, men også finna ut dei ulike årsakene til at han mangla motivasjonen.

Yrkesetisk seminar
Flott med yrkesetisk seminar! Her var også eit arbeid med casar, ei form for arbeid som eg likar veldig godt. Når ein kan relatere oppgåva til den verkelege kvardagen, føler eg at ho verkeleg gjer meining. Me fekk 4 casar, som alle kunne ha vært reelle situasjonar. Kjempeflott strukturert opplegg, med gruppearbeid dei to fysste dagane, og felles debatt siste dagen. Eg seier det ein gong til, eg likte veldig godt denne metoden som undervisningsmetode.

IKT
Det blir berre meir og meir lagt vekt på IKT i skulen i dag. Då eg las ei annonse frå Hagesund kommune som søkte etter lærarar her ein dagen, stod det: ”Bør ha god IKT- kompetanse”. Det viser berre kor viktig det er å ha kunnskap på dette området, etter som ting blir meir og meir styrt av datamaskiner og internett. Eg har fått god nytte av kurset som me hadde i word 97, det var greitt å få veta formatering i oppgåveskriving, og elles praktiske tips, alt i frå korleis me skulle oppdatera ei innhaldsliste til korleis me fekk topptekst og botntekst. Eg kunne ingenting om behandling av bilete eller korleis me skulle laga ein samansatt tekst frå før, så eg har hatt god nytte av alle dei timane me har hatt i år med IKT. Temaet ”Born og nye media” var eit svært lærerikt og ikkje minst skremmande tema for meg. Då tenkjer eg spesielt på ”chatting” på internett. Det var interessant å få sjå kor fort ”ane15” fekk napp på chattesida. Er det nokon som har sett programmet ”Jakten på en overgriper”? (Eg trur det går på Tv Norge eller Viasat 4) Programmet går ut på å ta tak i dei vaksne mannfolka som gir seg ut for å væra mykje yngre, og som chattar med mindreårige på nettet. Her heller går det ikkje lange tida før den mindreårige parten har fått ei fleng av frekke sextilbod. Skremmande og ein stor tankevekkar for dei fleste, vil eg tru!


Samansatt tekst
I forbindelse med IKT skulle me laga ein samansatt tekst av ei barnebok. Dette var ein kjekk utfordring å arbeida med! Spesielt når ein ikkje er så flink i data, slik som meg... Eg blei ganske nøgd med resultatet, og syns eg hadde laga ein flott samansatt tekst av boka Karius og Baktus. Den samansatte teksta kan du sjå i eit tidlegare innlegg i bloggen. Eg lærte mykje nytt om plagiering og biletsamhanding, og at det ikkje alltid var like lett å få løyve til bilete og diverse musikk...

Pedagogisk grunnsyn og undervisningsmetodar
Når det gjeld mitt pedagogiske grunnsyn, har dette blitt klarare gjennom året. Eg trur forsett at det ikkje hadde fungert for meg å berre undervisa etter ein bestemt læringsteori, men ei god blanding av fleire utvalte teoriar. Etter at eg hadde jobba med matematikk og pedagogikkoppgåva, står mitt pedagogiske grunnsyn litt sterkare enn kva det gjorde før eg tok fatt på denne oppgåva. Eg har lært mykje meir om MI-teoriane, sidan den praksisskulen eg var på, sette denne teorien høgt i fokus. At alle er flinke til noko, men ikkje til alt, er ein bra måte å tenkje på. Men eg har også fått eit djupare innblikk i den sosiokulturelle teorien og konstruktivisme. Den sosiokulturelle teorien med samarbeid og utfordringane i den proksimale utviklingssona. Og John Deweys ”learning by doing”, som meiner at born lærar best i ved å gjere ting i praksis, for å så reflektere over det. Alle desse læringsteoriane inneheld gode punkter som eg syns er relevante for ei god undervisning, der elevane sitt igjen med eit godt læringsutbytte. Og det er jo det som er målet, ikkje sant?

I gjennom heile året har me fått prøvd ut ein rekkje ulike undervisningsmetodar. Hugsar dykk det hefte som begge klassene har laga? ”Undervisningsmetoder i skolen”, eit kjempebra hefte som me utarbeida i 2007. Her får me ein oversikt over mange ulike undervisningsmetodar i skulen, og fordelar og ulempar med dei. Godt å ha med seg vidare til seinare arbeid! I praksis fekk me også prøva oss ut i ulike undervisningsmetodar, blant anna: undersøkingslandskap, stasjonsarbeid, drama, tverrfagleg verkstad og vanleg tavleundervisning. Med å få prøvd ut eit undervisningsopplegg i praksis, vil ein få med seg erfaringar som kan være nyttige å ta med seg til neste gang!

Takk for no!
Som dykk kanskje ser, hadde eg mykje refleksjon på hjarta, men no gjenstår det berre å takka for meg! Eg har hatt eit utruleg kjekt år med pedagogikk og blogg. Eg vonar me kan ha ein slik eksamen som dette til neste år igjen. Så Birgit, ”hang in it” for me vil ha deg her til neste år òg!


Eg ønsker alle ein god sommar! Så sjåast me til hausten!

Cahrine Førland 29.04.08

søndag 27. april 2008

Ny og bedre versjon av min samansatt tekst!

Ja, no er dykk vell spente tenkjer eg! Eg fekk beskjed av Birgit at min forrige samansatte tekst hadde eit forbetringspontensiale. Dette har eg gjort noko med! Eg satt heile lørdagskvelden å laga ein heilt ny samansatt tekst, men av sama boka, Karius og Baktus av Torbjørn Egner.
Noko av dei tinga eg har fiksa på er:
  • Scanna nye bilete, klipt dei til i Photosmart.
  • Ordna omgrepa, og fått med datoar på løyvene.
  • Fiksa lyden, dempa den på overgangane
  • Gjort den samansatte teksten "old fashion"
  • Ny skrift og anna farge på bakgrunna.
  • Korta den ned med 16 sekund

Eg hadde planar om å laga ein ny animasjon å putta inn i den nye samansatte teksten. Men på grunn av mangel på kunnskap, fekk eg ikkje dette til, så vel derfor å behalda den gamle animasjonen.

Her er min nye samansatte tekst, kos dykk!

fredag 18. april 2008

Dei stille borna

Birgit tipsa oss om eit interessant emne på programmet Puls, "Dei stille borna". Eg var desverre ikkje heime den tida på kvelden dette programmet blei sendt, men derfor er det så fantastisk å ha internett! http://www1.nrk.no/nett-tv/indeks/128848 På denne internettadressa kunne eg sjå programmet akkurat kva tid på døgnet som passa meg. Eg rigga meg til i senga i dag tidleg for å sjå akkurat denne episoden med Dei stille borna. Innslaget varte berre i 10 minutt, men det var lenge nok til å gi meg frysningar på ryggen. Tenk at det er 5-8% av borna i Norge som har innagerande åtferd! I programmet blei det sagt at det er ofte bråkmakarane som tar all oppmerksemda frå læraren. Det er utroleg synd at dei som lagar uro i klassen skal få den oppmerksemda som kanskje nokon andre hadde hatt mykje meir nytte av.

I programmet fekk ein også mykje bra tips om kva ein skulle gjera dersom ein har misstanke om at ein elev ikkje har det så bra på skulen. Eg noterte meg nokre stikkord her, som eg kan ta med meg vidare:
- Ta kontakt med borna, spør gjerne direkte om kva problemet er.
- Det er viktig for borna å føla at dei blir sett av læraren. Oppgåva til læraren blir å innkludera alle, å gi borna ein følelse av å bli sett.
- Ta deg tid til borna.
- Borna med innagerande åtferd har ofte lågt sjølvbilete. I samarbeid med dei føresette, kan du som lærar væra med på å styrke sjølvbilete til din elev.

Elles blei eg liggande nokre timar i senga for å sjå på dei andre ulike pulsprogramma! Her var det jammen meg mykje bra og nyttige ting å få med seg:
- Bli tryggare på legekontoret
- Sjå, dei dansar hip-hop
- Få bedre puls
- Sunn ungdomskost

Dette var berre nokre av programma eg var innom...

14/04/08 Skulefrukost på Børtveit!

Det er vell ingenting som er betre enn å starta dagen med ein god og lang frukost!

"Uten mat å drikke, duger dagen ikke!"

(Setninga ovanfor er skreven på bokmål, då det ikkje rimte så godt på nynorsk...)

Eg trur aldri eg har hatt ein så engasjert lærar som deg Birgit. Organiserar frukost for elevane sine! Akkurat som om du ikkje hadde nok å tenkje på i desse travle eksamenstider. Me fekk til og med ferdig oppsett liste på kva kvar einskilt skulle ha med seg til frukosten! Det får vertfall meg til å føla at eg blir sett pris på.

Eg fekk ein utroleg bra start på dagen denne morgonen. Godt pålegg, gode rundstykker, god melk og god juice, og ikkje minst dei gode vafflene til dessert! Eg kan hugse tilbake til ungdomsskulen at me hadde måltider i lag i klassen i forbindelse med heimkunnskapen. Men etter at eg gjekk ut frå ungdommskulen, har det vært lite og ingenting av det. Kvifor er det slik? Det er like viktig med eit avbrekk i skulekvardagen sjølv om ein blir eldre. Eg trur det er viktig å av og til ta seg tid til det sosiale fellesskapet i ein klasse, ikkje berre på barneskulen og ungdomsskulen, men også dei vidare klassane ein skal opp i.
På bilete her ser du sitjeplassen me gravde ut i snø på Vågslid i fjor. I idrettsklassen var me veldig flinke til å eta måltider i fellesskap. Det er ein av grunnane til det gode å nære klassemiljøet me fekk i løpet av året. I denne sitjegruppa av snø, kunne heile gruppa sitta samla å eta, og ikkje minst laga maten i lag. Dette var både sosialt og koseleg, og ein lærte å kjenna kvarandre betre.

Samansette tekstar: Etter ein god å lang frukost, skulle me få sjå alle dei andre sine samansette tekstar. Dette hadde eg gleda meg til! Alltid kjekt å få sjå kva slags måte dei andre har gjort oppgåva på. Eg er nysjerrig av natur...har berre alltid vært slik! Her var det mange bra barnebokpresentasjonar! Kvifor hadde ikkje eg tenkt på denne måten? Sjølv om eg er ganske fornøyd med resultatet av Karius og Baktus presentasjonen min, fekk eg no mange nye idear som eg kunne ha gjort annleis! Eg trur ikkje eg var den einaste som sat igjen med mange nye idear som eg kunne ha brukt dersom det kom ei ny oppgåve med ein samansatt tekst...

Bra jobba alle saman!

onsdag 9. april 2008

Eit dikt til å roa ned eksamensnervene på

Eksamen


Eksamen nærar seg med store steg,

undrar om eg vil klara meg?

Eksamen kjem alltid raskare enn kva ein trur,

men allereie no?

Det er vell ei meining med at eg aldri skal få ro...

-




Eksamen er som eit endeleg mål å arbeida seg mot,

her er det ikkje rom for fjasing og rot.

Ein bør vere forberedt å møta opp,

utan eksamen kan utdanninga få ein stopp...

-




Kanskje det er derfor at eksamen er så viktig?

Og sensorer som passer på at ting går riktig.

Alle oppgåver me gjere må,

til slutt skal me nok alle bli lærare skal du sjå!




06/04/08 Rettleiing og vurdering

"Alle presentasjoner blir vurdert og korigert, enten gjennom karakterer eller gjennom uformell vurdering." (Imsen 2005:130)

Det er klart at det er viktig med vurdering og rettleiing i skulen. Det er ikkje alltid dei yngste som av og til er "ute å kjører", men også me vaksne treng ei form for rettleiing. Etter at eg byrja her på Lærarhøgskulen, har eg merka spesielt godt kor mykje vekt det blir lagt på god rettleiing. Og det er jo kjempe bra! Me leverer inn oppgåver, får ei vurdering og får ein tjangs til å sjå igjennom oppgåva før me leverer den inn igjen. Ein lærar av sine feil, og får i tillegg tjangs til å retta dei opp igjen! Det er både lærerikt å motiverande for vidare arbeid når du har ei slik form for vurdering. Då får ein driv til å gjera det endå betre på 2. utkastet.

Åshild nemnte dei oppgåvene som ein rettleiiar har:

  • Å vera utforskande saman med den som vert rettleia
  • Å stilla dei gode spørsmåla
  • Å gje råd
  • Å korrigera

Då byrja eg å tenkje på matematikk og ped. oppgåva! Nemeleg stilla dei gode spørsmåla! Det var jo akkurat det me skulle øva oss på ute i praksis. Me skal ikkje leggja svaret i munnen på elevane, men som sagt stilla dei gode spørsmåla slik at eleven finn ut av svaret sjølv! Dette syns eg var eit viktig punkt, og spesielt sidan me hadde fokusert så mykje på det i forige praksisperiode. Å korrigera, var også eit av punkta eg vil leggje vekt på. Som rettleiiar må ein ha evne til å "snu" eleven dersom han/ho er på feil veg. Alle punkta her er viktige, og alle definerer godt kva slags oppgåver ein god rettleiiar har.

Men kvifor er eigentlig vurdering så viktig?

Eg vil sitera eit sitat frå Roar Engh:

"Når elevene utvikler en bevissthet om læringsmål og får hjelp til å vite hva som bør gjøres for å nå målene, vil denne hjelpen nødvendigvis resultere i økt kompetanse. Samtidig kan lærerne vise at de forventer at dette arbeidet blir gjort, noe som er en forutsetning for motivasjon, innsats og tilfredstillende læringsutbytte."

Han meiner at god vurdering fremjar læring, fordi elevane blir meir bevisste på kva som skal til for å gjere det betre. Dette er eg heilt einige med han i. Som eg har nemt tidlegare, har vertfall eg fått veldig mykje ut av den rettleiinga eg har fått her på Lærarskulen.

Me kan skilje mellom to former for vurdering:

  • Formativ vurdering
  • Summativ vurdering

Formativ vurdering:

Det ligg nesten litt i ordet, formativ, er med på å forme eleven. Denne forma for vurdering, er den eg likar best. Eleven kan arbeide med ei oppgåve, lærar gir tilbakemelding på oppgåva, slik at eleven kan arbeide vidare med oppgåva i rett retning. Eleven får konkrete tilbakemeldingar på kva som er bra, og kva han/ho kan arbeida vidare med.I summativ vurdering får du karakter på det du klarer å prestere der og då, mens i formativ vurdering får ein tjangs til å forbetre arbeidet sitt. Dette må vera den beste måten for vurdering meiner eg, kva meiner dykk andre?

Summativ vurdering:

Når eg tenkjer tilbake på då eg gjekk på ungdommskulen, var karakterer den forma for vurdering som eg hugsar best (summativ vurdering). Kvar gong me fekk igjen ein prøve gjaldt det om å bla fortast igjennom prøven til siste side, der karakteren var satt. Det var prestisje å få høg karakter, og me visste alltid kven i klassen som hadde fått den beste...For min del lærte eg ikkje så mykje av dette. Var eg ikkje fornøyd med karakteren, heiv eg prøven. Men fekk eg ein god karakter, gjekk eg heim å viste prøven til foreldra mine. Det var vanleg å ikkje byrja å lese til prøven før dagen før. Dette resulterte i at eg faktisk ikkje hugsa så mykje av det eg hadde lest, og eg lærte heller ingenting.

Oppgåva:

På slutten av dagen fekk me ei oppgåve av Åshild. Me skulle sjå på ein elevtekst å få prøva å gi ein vurdering til denne eleven. Dette fekk eg erfara at ikkje var den lettaste jobben i verda. Me sat lenge å diskuterte i gruppa før me vart einige om ein passande vurdering til denne eleven. Me fokuserte heile tida på det positive i teksten, men ga konkrete tilbakemeldingar på kva ho kunne forbetre til neste gong. Eg trur det er viktig for ein lærar å kunne fokusera på det positive. Eg vil tru eleven mistar ein heil del motivasjon dersom ein berre fekk negative tilbakemeldingar. Det var interessant å få høyre kva slags vurderingar dei andre i klassen hadde komt fram til, og det blei mykje god diskusjon på det heile.

Lærarar står føre ei krevjande oppgåve når det gjeld vurdering og rettleiing, og eg kan sjå for meg at det ikkje er alltid like lett jobb til tider. Eg er kjempeimponert over Birgit som har lest alle bloggane våre å ikkje minst gitt konkrete tilbakemeldingar til alle saman! Det står det respekt av! Det har vertfall vært til stor hjelp og ikkje minst kjempe motiverande for meg og mitt arbeid med bloggen !

For dei som undra seg...

Eg har fått ein del spørsmål om dette med bilete av elevar på bloggen min. Dette kan eg berre sei at eg har fått full tilatelse til! Eg har dobbeltsjekka med praksislærar på Skåredalen skule om lov til bruk av bilete til blogginga mi.
Alle føresette og elevane har sjølv skreve under på at ein kan få lov til å ta bilete av elevane og bruke desse. Dette har dei fått med seg som eit skriv heim til dei føresette.
Eg nemner ikkje namna til nokon av elevane for det om eg har nokre bilete av dei, dette går på personvern og teieplikt som eg har som lærar. Alle bileta har eg tatt sjølv i forbinding med praksis periodane. Eg syns sjølv at det er mykje meir interessant å lesa ein tekst, når ein kan få sjå nokre bilete så hører med.


Eg fekk ei internett adresse av Birgit i forbindelse med akkurat dette temaet. Då kan dei som vil lesa meir om dette, gå inn på den sida som eg har lagt ut adressa til her:

http://www.datatilsynet.no/templates/article____200.aspx

Eg har sjølv vært inn på denne adressa å sjekka ut kva Datatilsynet seier om klassebilete på internett. Datatilsynet vil gjere kommunar, skular og føresette merksamme på at klassebilete på internett kan skapa problemer. Spesielt dersom bildene ligg ute med fult navn.

Eg har bevisst ikkje lagt ut navn på elevane mine, og sidan elevane og føresette har skreve under på at publisering av bilete er greit, har eg lov til å bruka bileta her i min blogg. Det var ganske interessant å lesa det som stod inne på Datatilsynet si side, og eg rådar dykk til å ta ein tur innom denne sida neste gong dykk er på internett! (Trykk på linken eg har lagt ut, så plutseleg er du der!)


Så til dei som undra seg, her fekk du svaret:)