tirsdag 2. oktober 2007

01/10/07 Å leia basisgruppa på læringsarenaen.

Korleis gjer eg det?
-
Me fekk ein god start på dagen, då Birgit stod i døra å ønska oss alle "god morgen". Alle hadde fått kvar sitt lys på pulten, 1. oktober, høst og mørketid. Eg trur det er viktig å kunna overraska elevane sine i kvardagen. Eg fekk vertfall ein god og positiv start på dagen!
Det var interessant å få høyre på framføringa til dei andre gruppene, litt domt at meg å Malin ikkje fekk bruka PowerPoint presentasjonen vår, men som sagt så kan alle finna den på Fronter. Flott at me skal få samla alle presentasjonane i eit hefte, det kan godt å ha med seg vidare.

I dei 2 siste timane snakka Birgit om korleis ein skal leia basisgruppa på læringsarenaen. Eg tror det er viktig at alle elevar føler at dei blir sett. Det var vell kanskje det Birgit ville fram til, når ho handhelsa på alle i klassen på morgonen?
Interessant å høyra om den nye generasjonen, og den samanlikninga Birgit hadde samalikna sin barndom med hennar eigne barn si barndom. Me tenkjer kanskje ikkje så mykje over korleis våre foreldre levde før?
-------------------------------------------
Seinare kommentar:
Men kva er eigentlig ein god måte å leia basisgruppa på? Finst det eigentleg noko fasitsvar på det? Kanskje ikkje...men eg har vertfall gjort meg nokon notat om kva som er viktig når ein skal leia ei basisgruppa. Det å opptre som ein tydeleg vaksen, er eit viktig punkt. Då eg var vikar på ein skule i Haugesund i fjor, fekk eg erfara kor viktig dette punktet var. Eg hadde ikkje fått noko informasjon på førehand korleis denne klassen var, så eg visste ikkje kva som skulle møta meg. Alleire etter fyste timen, fann eg ut kvifor det var så vanskeleg å få tak i vikar til denne 6. klassen. Dei var heilt på styr...gjorde akkurat det som passa dei, og var ikkje interessert i å høyre på nokon. Å denne klassa hadde eg takka ja til å ha fast kvar fredag i eit heilt år?! Kva skulle eg gjere? Etter nokon vanskelege fredagar fann eg ut at eg måtte gjere noko. Eg måtte setja meg i respekt hos elevane. No var det slutt på det såkalla "kompisimage", no var det EG som bestemte kva dei skulle gjera, og ikkje dei. Dette likte dei dårlig i begynnelsen, eg så hadde vært så "kjekk og snill" frå byrjinga av. Men etter kvart kom det seg, eg fekk ro i klassa, og dei gjorde faktisk som eg sa. Det var kjekt å sjå at eg skulle få dette til, og dei andre lærarane på lærarrommet lurte på kva slags middel eg hadde gitt dei? Det tar tid å setje seg i respekt, og med ein erfaring rikare, kjem eg nok til å vera ein tydlegare vaksen frå byrjinga av neste gong. Til slutt vil elevane finna ut at ein faktisk kan vera vennleg for det om ein har satt seg i respekt! Det er òg viktig å setja seg tydelege grenser, og visa elevane kvar desse grensene går. Dei skal veta at "NO ER DET NOK!" dersom dei kryssar dei grensene.

Eg er einig i at omgivelsane rundt, har mykje å seie for god læring. Dersom eg skal bruke same skule som eksempel (der eg hadde praksis i fjor), vil eg innrømma at eg ikkje trivdes så godt der. Det er ein gammal og nedslitt skule, som kommunen ikkje har spandert ei krone til oppussing på. Mange av elevane har til og med klasserom i brakker ute på skuleplassen. Eg som var student i faget idrett i fjor, hadde gymsalen som undervisningsrom. Mykje av dei opplegga som eg hadde laga for klassen, kunne eg ikkje bruka, på grunn av mangel på utstyr. Dette er synd for både elevane, og eg som lærar som hadde tenkt å kjøra eit bra opplegg for dei. Det er synd at det skal vera slik! Ein må tenke på at det er framtidas born som me skal læra opp, ikkje berre i gymnastikk, men generelt i alle andre fag òg.

Endå ein utfordring som ein vil møta på ute i arbeidslivet, er tilpassa opplæring. Ulike elevar, med ulike behov. Korleis vil eg leggje tilrette for desse borna? I dag jobbar heldigvis alle lærare i team. Eg vil tru det blir enklare for oss ferskingar å komma ut i arbeidslivet, når ein veit at ein har eit team som "back up". Kva gjer me med ein elev med problemåtferd? Då er det sikkert greit å ha lærarteamet der, både for råd og rettleiing.


Eg lærte mykje nytt i dag. Det er nok ikkje "berre berre" å klara å byggje opp eit godt læringsmiljø, men det handlar om gode vanar å rutinar heilt i fra starten av. Det er vell kanskje derfor det ikkje alltid er like lett å væra vikar?
Eg vil tru at det kan ta litt tid å finna sitt eige pedagogiske grunnsyn og sin eigen måte å undervisa på. Men etter kvart som ein får meir erfaring er det viktig at elevane får oppleva nye måtar å bli undervist på. Ein kan jo testa ut litt forskjellige måtar? Ein vil merke fort dersom elevane ikkje er nøgde med den nye metoden! Variasjon i undervisninga vil også verke inn på motivasjonen til elevane. Du kan jo tenkje deg sjølv kor keisamt det hadde vært å gjort den same tingen, på same måte, kvar dag? Ein klarer nok å laga seg gode rutinar sjølv om ein har god variasjon i undervisninga!
-------------------------------------------

Til slutt fekk me sjå ein film som handla om mobbing. Ingen barn fortjener å oppleva det som Robin Hopsdal gjorde. Mobbing burde vært 1. prioritet i skulen, men det var tydeleg at rektoren på denne aktuelle skulen ikkje tok dette alvorleg. Eg fekk frysningar nedover ryggen i tillegg til at eg kjende eg blei sint. Heldivis har han det bedre på ein ny skule nå. Bra at det enda godt=)


Ingen kommentarer: