tirsdag 23. oktober 2007

22/10/07 Framføring av dei ulike læringsteoriane.

Eg var spendt på korleis dette skulle gå, me jo hadde ein litt annleis framføring i og med at me nesten ikkje hadde noko teori med i framføringa vår. Men alle hadde jo lest om dei ulike teoriane og sidan me var sist til å framføra, hadde dei fleste fått læringsteoriane inn med te-skei.

Men dette gjekk jo kjempeflott! Eg er storfornøyd med alle tilbakemeldingane me fekk! Det var utruleg gøy å stå på scena å ha stum-rollespel med forteljar.

Til alle dei andre:
Det var kjempe kjekt å sjå på kva dei ulike praksisgruppene hadde fått til. Alle hadde ei kreativ løysing på oppgåva, på kvar sin måte. Eg må sei at eg blei meir nervøs etter at eg hadde sett alle framføringane, då låg jo lista allerede SKY-HØGT!

Film, tegningar, powerpoint, rollespel, gode gamle transperang-metoden og mykje humor!! Ein applaus til alle i klassen frå meg!

1 kommentar:

Camilla sa...

Hei hei! Eg er nå din kritiske venn:) Har ikkje vore så aktiv, men nå er det på tide å legge seg i selen... Kjenne at eg føler meg litt truffen når det blir snakk om blogging..:p Eg synes forresten at framføringa deres var knall bra og det var kjekt med noko annleis enn det som alle andre hadde.