tirsdag 23. oktober 2007

08/10/07 Oppdrag: Pedagogisk grunnsyn.

I dag fekk praksisgruppene ei oppgåve av Birgit. Me skulle bli kjent med dei ulike læringsteoriane. Denne oppgåva skulle me leggja fram til resten av klassen på ein kreativ måte, mandag 22. oktober. Dette verka spanande! Her er det berre fantasien som sett grenser. Me fant oss eit grupperom og sette i gang med planleggjinga. Då me hadde sett opp ein plan for arbeidet, fant me ut at alle skulle gå heim kvar for seg, å lese på dei læringsteoriane ein blei tildelt. Alle på gruppa skulle skriva eit referat av den/dei læringsteoriane ein blei tildelt. Dette skulle me leggja fram for kvarandre mandag 15. oktober på HSH i Haugesund. Det var enklare for oss å ha møte der, i staden for å køyre heilt til stord!

Planen vår:
Me har fordelt læringsteoriane mellom oss. Dette skal vi ha klart for oss til mandag:
  • Trond: Behaviorisme og Neobehaviorisme
  • Cathrine: Kognitivisme og Konstruktivisme
  • Malin: Sosialkognitivisme og Sosiokulturellteori
  • Cecilie: MI-teori

Alle skriv eit kort referat som dei legg fram til dei andre.

-------------------------------------------

Seinare kommentar:

Kort om dei ulike læringsteoriane som me valte å ta utgongspunkt i: Årsaka til at me ville ta utgongspunkt i akkurat desse læringsteoriane var fordi alle læringsteoriane hadde gode syn på kva som var "rette måten å læra på" som me ville bli litt meir kjende med. Eg likte spesielt godt den teorien om multiple intelligensar, der alle kunne få finna sin intelligens å jobba ut i frå. Sjølv kjenner eg meg heime i den kinestetiske/kroppslige intelligensen. Eg likar å trene både ute på fotballbanen og inne på treningssenteret. Eg gjekk på idrett grunnfag her på Stord i fjor, og lærte ganske mykje av å gjere ting i praksis. Aktivitetane var mykje enklare å læra då me gjorde det inne i gymsalen, i staden for å lesa i ei bok korleis me skulle gjere det. Her kjem faktisk litt av John Deweys teori inn òg, "learning by doing".

Behaviorisme og Neobehaviorisme: "Sann vitenskap kan bare holde seg til det som kan observeres, telles og måles" (Imsen, 2005) Behaviorismen meiner at me kan forma menneskets åtferd dersom me kjenner lovane for stimulus og respons. Belønning og straff er viktige virkemidlar i denne samanhengen. Ifølge behavioristane er mennesket ved fødselen ei uskreven tavla, berre nokre få refleksar er medfødt, elles må alt lærast! Dei meiner også at alle kan læra alt, men nokon lærar fortare enn andre. Sentrale teoretikarar: Edward Lee Thordike (1874-1949), John B. Watson (1878-1958) og Burrus Frederic Skinner (1904-1990)

Kognitivisme og Konstruktivisme: I denne læringsteorien er det dei indre, kognitive prosessane, menneskets måte å tenkje på, som er utgongspunktet for å forstå læring.
Eksempel: Øystein og mamma sitter i bilen… Side 56 i boka ”Didaktisk arbeid”.
Prosessen inneber at ein prøver å forstå noko nytt gjennom å få det til å passa inn i det ein allerede veit. Me justerer vår tenking slik at den passar den nye informasjonen i staden for å justere informasjonen til å passa vår tenking.
Lærerens rolle i denne prosessen blir som tilrettelegger for eigenaktivitet.
Sentrale spørsmål blir då korleis hjernen organiserer kunnskapen, kva som eigentlig skjer når me hugsar og tenkjer, korleis me løyser problemet, osv.

Konstruktivisme tar utgongspunkt i teori om kunnskap og om kva det vil seie å tilegna seg kunnskap.
Filosofen og pedagogen John Dewey (1859-1952) var blant dei fyste til å legge vekta på individets aktive medvirkning i læringsprosessen. ”Learning by doing”. Det er når individet forstår samanhengen mellom handlinga og resultatet av den, at ein lærer noko.


Sosialkognitivisme og sosiokulturellteori: Psykologen Lev Vygotsky (1896-1934) er ein sentral teoretikar i denne teorien. Denne teorien legger stor vekt på betydninga av sosial samhandling og bruk av språket i lærings- og utviklingsprosessen.

Multiple intelligensar: Howard Gardner meiner at mennesker er frå naturens sida, er utstyrt med ei rekkje pontensielle evner, som det er opp til omgivelsane å kultivera og vidareutvikla. Mennesket har i utgongspunktet 7 ulike "intelligensar", hevdar han. Verbal-lingvistisk intelligens, logisk-matematisk intelligens, musikalsk intelligens, spatial intelligens, kroppslig intelligens, interpersonlig intelligens, intrapersonlig intelligens og natur intelligens.

Pedagogisk grunnsyn og læringsteori:

Eit pedagogisk grunnsyn er den virklighetsoppfatninga, dei verdiane og haldningane som ligg til grunn for pedagogisk arbeid. Medan læringsteoriane går meir på å forstå korleis læring skjer, og korleis eg som lærar kan bidra til auka læring. Men kvifor er det eigentlig så viktig for meg som lærar å ha eit pedagogisk grunnsyn? Korleis lærar elevane mine best? Det er akkurat det pedagogisk grunnsyn handlar om. Eg må finne læringsmetodar som eg trur elevane mine har mest utbytte av, og eg som lærar må også kunne forklara undervisningsmetodane mine. Ein skal alltid være bevisst på kva ein gjer, og kvifor ein gjer det slik. Ein må lære å kjenne elevane sine, ingen er like, og alle har sine måtar som ho/han lærar best på. Det var interessant å lese i Imsen boka om korleis læringsteoriane prøver å seie noko om korleis ALLE mennesker lærer, mens teorien om læringsstilar seier noko om korleis kvart individ lærar.

-------------------------------------------

Ingen kommentarer: