tirsdag 23. oktober 2007

Praksiserfaringar frå observasjonspraksis

Skåredalen skule

Korleis var veka?
Observasjonsveka gjekk fort. Mykje nye ting å læra å mange nye fjes å forholda seg til.

Mål:
Me skulle lage oss eit mål for observasjonsveka. Målet mitt var å læra seg namna til elevane å finne ut korleis dei jobba saman.

Namn:
Fyste dagen fekk me utdelt klassekart med namnet til elevane på pultane. Då vart det enklare å finna ut kven som var kven i klasserommet. Enkelte elevar gjer meir ut av seg enn andre, slik er det ofte i ein klasse. Eg merka at eg lærte namna til dei ”urokråkene” fortare, enn namna til dei som ikkje bråka så mykje. Det blir jo litt feil å setje fokus på dei som bråker mest, men likevel var det lettare å plukka opp namna til desse.
Eg har lært meg namna til dei fleste i klasse 7 b, men eg har forsett nokon eg er litt usikker på. Dette er noko eg kommer til å jobba meir med i neste praksisperiode.


Korleis jobbar dei saman?
Eg fekk eit inntrykk av at klasse 7 b hadde eit godt samhald i klassen. Sjølv om jentene jobba mest for seg, og gutane jobba for seg, var det likevel godt samarbeid når dei jobba måtte jobba i grupper på tvers av kjønna. Eg merka at elevane var nysgjerrige på oss studentar, det blei mykje spørsmål og spassering i klasserommet, då alle skulle visa fram både permar å andre arbeid dei var stolte over. Praksislærar virka som ho hadde kontroll på gjengen, å klarte å få tilbake roen i klasserommet.


Skulen:






Her ser me eit bilete av Skåredalen skule, kultur og idrettssenter.

-------------------------------------------

Seinare kommentar:

Observasjonens nytteverdi:

Observasjon kan verke som eit hjelpemiddel for læraren til å innhenta viktig informasjon om det einskilde barnet. Observasjon skal bidra til at du så nøyaktig som mogleg kan skildra det du faktisk ser i det daglege arbeidet ditt, ikkje kva du trur du ser, eller kva du kunne tenkja deg å sjå.
Då me var i praksis på Skåredalen skule, var vår oppgåve å observera. Me skulle velja oss tre observasjonar som me ville ha med i denne mappa. De ulike tinga som vi skulle setje fokus på var:

Korleis er skuledagen organisert?
Korleis ser lærearenaen ut? (Skulebygning, klasserom)
Korleis arbeida elevane med læringsstoffet i timane?
Kva held elevane på med i friminutta?
Korleis er uteområdet?
Korleis er skulen?
Korleis er samspelet mellom elevane i basisgruppa?
Kva type aktivitetar held elevane på med? (leik, sport, andre aktivitetar)

Eg tok fleire observasjonar, men dei tre observasjonane som eg valte og konsentrere meg om var:
Korleis er skuledagen organisert?
Minutt observasjon av ein elev.
Korleis ser lærearenaen ut?

Døme på observasjon: Korleis er skuledagen organisert?
Klokka ringer inn kvar morgon kl. 08.35. Då står alle elevane i 7b på 2 rekkjer utanfor klasserommet å ventar på læraren. Læraren kjem, låser opp klasserommet. Ingen får komme inn i klasserommet utan å handhelse læraren som står å seier ”god morgon” til alle og ein kvar. Elevane kjem inn å stiller seg ved kvar sin pult, og ingen sett seg ned før læraren er på plass ved kateteret, ho seier ein felles ”god morgon” til alle, før dei sett seg.
Kvar morgon byrjar dei med noko som dei kallar for ”lesekvarten”. Dette går ut på at alle har kvar si bok dei les i, heilt til kl.08.55, då startar timen. Observasjonsmetode: Loggbok= Avgrensa hendingar.


Timeplan for dagen
Kl.08.55- 10.00 Dobbeltime naturfag.
Tavleundervisning, der læraren fortel elevane om det temaet dei skal ha om. Læraren skriv stikkord på tavla.
Høgtlesing, elevane bytter på å lesa kvar sitt avsnitt.
Læraren bruker den digitale tavla (interaktive tavla) til å vise bilete.
Elevane får sjå ein nyheitsfilm frå NRK1, filmen handlar om det temaet dei har om, nemleg skaldyr.
Til slutt gir læraren elevane ei oppgåve. Oppgåva går ut på å velje seg eit skaldyr som dei skal undersøkje fakta og finne eit bilete av. I alt skal dei laga kvar sitt dokument.
Elevane får utdelt kvar sin PC, som dei skal bruke til å finna fakta å bilete av deg utvalte skaldyret.
Elevane kan velje om dei vil jobba individuelt eller saman 2 og 2.

Kl. 10.00-10.15 Friminutt
Skuleklokka ringer bare to gonger i løpet av dagen, kl.08.35 og kl.11.35. Altså klokka ringer inn om morgonen, og inn etter matfriminuttet. Derfor står læraren fritt til å velje sjølv dei andre friminutta i løpet av dagen.


Kl.10.15-10.40 Lesetime
I desse timane har elevane stillelesing i dei same bøkene som dei brukar på ”lesekvarten” på morgonen. Praksisgruppa vår fekk fri i denne timen til å jobba vidare med dei observasjonane me hadde tatt.

Kl.10.40-11.35 Matfriminutt
Etter tredje time er det klart for mat. Det er alltid to i frå klassen som har ansvar for å henta mjølk og frukt til dei som skal ha det, denne ”hente mjølk-lista” rullerer frå kvar veke. Ikkje alle i klassen har mjølk, men alle får frukt. Frukta er ulik frå kvar dag, og i dag fekk dei raude norske eple.


Klokka 10.55, har elevane lov til å gå ut. Då skal dei vera ute heilt til klokka ringer inn kl.11.35.


Kl.11.35-12.20 Arbeidsplan
På timeplanen står det at elevane skal ha mattematikk denne timen, men opplegget er slik at dei timane dei har mattematikk, norsk og samfunnsfag, skal dei jobbe med arbeidsplanen. (Se vedlegg). Men det er likevel mange som velgjer å jobba med mattematikken. I løpet av 7. klasse, skal alle elevane ta noko som dei kallar for ”gangesertifikatet”. Det går ut på at dei skal ta same gangeprøva tre gonger med alt rett, for å bestå sertifikatet. På prøva er det 100 gangereknestykke som dei skal rekne ut på under 10 minutt. (Se vedlegg.) Det er berre lov til å ta ein prøve pr. dag.
Timens organisering:
Lærer gir kort info om timen.
Elevane jobbar med arbeidsplan og gangesertifikat.
Lærer går rundt og hjelper dei som treng det.
Me i praksisgruppa er med å tar tida på dei som vil ta gangeprøva. Me er elles aktive observatørar.
Elevar med lese- og skrivevanskar har eigen assistent.

Kl.12.20-12.30 Friminutt
Dagens siste friminutt.


Kl. 12.30-14.00 Gymnastikk
Timens organisering:
Alle stiller seg inn til veggen.
Læraren gir informasjon om timen.
Oppvarming: ”Alle mine duer” og ”Stolleiken” (med ark i staden for stolar) med musikk.
Hovuddel: Volleyball, læraren forklarer serve og andre ulike volleyball teknikkar. Læraren blander jenter og gutar, dei øver fysst på dei ulike teknikkane. Spel på slutten, dei spelar på avgrensa område. 4 lag.
Avslutting: Uttøying, elevane tøyer ut armar og bein.
Timen sluttar kl.13.40, slik at alle elevane får tid til å dusja før dei skal heim.

Kva lærte eg av elevobservasjonane?
Her var det mykje nytt å setje seg inn i på berre ei veke. Alt dette med observasjon av elevar var nytt for meg. Til tider syns eg at det var vanskeleg å veta kva eg skulle observera, men dette fekk eg etter kvart kontroll over. Eg lærte at elevobservasjon var viktig i forhold til kartlegging av eleven utviklingsnivå. Eg la spesielt merke til dette i den eine gymnastikk timen som eg observerte. Her var det store forskjellar på unganes motoriske utvikling. Nokon var redd ballen og trakk seg litt vekk, mens andre brydde seg ikkje om at ballen kom i stor fart imot dei.
Gjennom observasjon kan ein også finne ut korleis eit barn trivst på skulen, med dei ulike faga og med klassekameratane. Eg trur det er viktig at læraren er observant på dette område. Barn som ikkje har det så bra på skulen, tørr ikkje alltid seie ifrå til ein vaksen, det er derfor lærarens jobb å passe på at alle trivst i klassen.


Seminardag på HSH:
I midten av observasjonsveka skulle me opp til Stord igjen. Me skulle ha ein seminardag i lag med A-klassen, som hadde observasjonspraksis på Langeland skule. Denne dagen var lærerik for min del. Det var interessant å dela observasjonserfaringar med dei andre i klassen. Etter seminaret var alt mykje klarare følte eg. Eg fekk eit større innblikk i kor viktig observasjon er for ein lærar, og kva det kan seie for elevane si skyld. Det var mange ulike observasjonar å få høyre om, men også nokon nesten like som var kjekke å samanlikne! Heilt på slutten av seminardagen skulle me få sjå ein film. Denne filmen var utruleg lang...eller den føltes kanskje berre lang? Eg trur eg hadde fått akkurat like mykje ut av denne seminardagen om ikkje denne filmen hadde blitt vist. Folk var trøtte etter ein lang dag, det fekk eg spesielt erfara når ho vedsiden av meg, sovna på skuldera mi...
Elles ein flott dag! Fint at dykk tar dykk tid til å høyra på korleis me hadde hatt det i observasjonsveka. Og takk for god veileiing undervegs=)
-------------------------------------------

Ingen kommentarer: