tirsdag 28. august 2007

27/08/07 Godt samarbeid, krev god kommunikasjon.

Der var 4 nye pedagogikk timar gått, og eg er klar for ein refleksjon av timane. Som overskrifta seie, handla dagen i dag om samarbeid og kommunikasjon. Eg synast det vart interessant å høyre om kvar mange forskjellige samarbeidspartnarar ein lærar hadde i skulen. Eg fann ut at det er ganske mange ulike personar ein lærar må forholda seg til. Vidare snakka Birgit om kommunikasjon. Eg lærte forskjellane på verbal og non-verbal kommunikasjon, ein tenkje liksom ikkje så mykje over at ein bruke faktisk kroppsspråket i 70% av kommunikasjonsprosessen! Ganske utruleg! Litt viktig for ein lærar å halde maska forde om ein har ein dårleg dag då!
Greit å få greie på kva god kommunikasjon eigentlig er! Dette synast eg me gjekk godt igjennom.
Ynskjer å formidla= det vi formidlar?
Ja, får me verkeleg fram det me vil sei, på den rette måten? Dersom ikkje, oppstår det ei kommunikasjonsbrist. All kommunikasjon blir koda og tolka. Det kan altså oppstå problemer dersom den som skal tolke formidlinga, tolker den feil. Eller kanskje formidlaren koda formidlinga feil..?
Forvirra nå?
-
Den dokumentar filmen om kroppen og mimeleikane, var utruleg morosame!
Filmen:
I filmen kroppen beit eg meg spesielt merke i korleis vi mennesker unngår kommunikasjon med framande personar. Dette er noko som eg ikkje har tenkt så mykje over før eg egentleg såg filmen. Her er nokre eksempler tatt ut frå filmen:
  • Når ein skal på kino, sett ein seg aldri vedsidå av den framande personen, men ein sett seg heller ikkje for langt ifrå, for det ville ha vært frekt. Ein velg setet nr.2 fra den framande personen.
  • I parken sett ein seg aldri på ein benk der det sitt ein person frå før, men ein velger den ledige benken vedsidå av den benken personen sitt frå før.
  • Når ein møter ein framand person på ein veg, ser ein alltid ned i bakken eller ein annan plass for å unngå augekontakt med den framande personen som ein går forbi.

Som lærar trur eg det er viktig å ikkje unngå denne kontakten med framande personener. Lærarar har mange forskjellige personer han/ho må samarbeida med heila tidå. Læraren møter ofte nye born og foresatte kvart år, og er derfor nødde til å samarbeida med mange framande personar heile tida.

-

Mimeleikane:

Bodskapen i mimeleikane var at me skulle klare å uttrykje oss med kroppsspråket. Me blei delt inn i grupper, og kvar gruppa fekk ein tekst som dei skulle mime for heile klasse. Me fann ut at det ikkje var heilt enkelt til tider. F.eks. Korleis mimar me ein lege med blodskrekk?

Trond var forresten utoleg god i rolla som "homofil prest", kan tru han har spela rolla både ein og to gonger før?

Til slutt:

Birgit la ut ein artikkel av Kjetil Sander "Gruppedynamikk" som me skulle lesa sjølv. Her var det ganske mykje vanskelege ord som eg ikkje hadde høyrt om før. Men eg fekk med meg at artikkelen handla om ulike roller og køyrereglar for ei gruppe. Akkurat som me i praksisgruppa har laga køyrereglar for vår gruppe. Eg synast denna artikkelen var vanskeleg og lesa, men på ein annan måte forstod eg meir om kvifor det er viktig å laga køyrereglar for praksisgruppa vår.

-------------------------------------------

Seinare kommentar:

Her er køyrereglane for vår praksisgruppe:

  • Flertallet bestemmer i gruppa
  • Det skal være frihet til å ta til ordet
  • Det skal være åpenhet og ærlighet i gruppa
  • Gruppa skal holde en uformell tone mellom medlemmene
  • Det skal være rom for diskusjoner
  • Gruppas avtaler og tidspunkter skal overholdes
  • Gruppa skal informeres ved ting som dukker opp
  • Gruppa jobber sammen for å få til løsninger i fellesskap
  • Alle skal være med å dra lasset
  • Vi skal ha det gøy

-------------------------------------------

Flott med mykje varierte læremetodar! Dette lover bra!! Eg gleder meg allereie til neste pedagogikk time!

3 kommentarer:

Birgit E. Olsen Bratseth sa...

Hei, Cathrine...
Ja, du set greit ord på mykje av det vi gjekk i gjennom i økta på måndag. Er det noko spesielt du kjem til å vera obs på i så høve i praksis i høve til tema? Du seier at episoden om kroppsspråk var morosam, kva var det konkret du beit deg merkje i der? Eg har elles lagt ut nokre artiklar og ei øving til dykk som de skal gå igjennom på eiga hand. Noko der du merkja deg? Elles kjekt at du trivst med faget...

Birgit :-)

MALIN E. KRAKK sa...

Hei Cathrine!
Du har fått med deg ein del viktige punkt frå forelsninga på måndag, og du oppsummerer timane på ein grei måte:)

Birgit E. Olsen Bratseth sa...

Ja, då har du svart på dei spørsmåla eg hadde i høve til økta, så då seier eg berre "godt jobba", Cathrine...

Birgit :-)