onsdag 5. september 2007

05/09/07 Læraren sitt mandat & mange oppgåver.

Eg forstår Birgit godt når ho seie at ho ikkje er interessert i ei oppsummering av det ho har sagt i timen, inne i bloggane våre. Derfor skal eg prøva å oppsummera minst mogleg, og heller komma med tankar og refleksjonar fra stoffet me gjekk igjennom i dag.
Eg må sei eg fekk mykje nytte ut av desse 4 timane me hadde i dag. Spesielt i den delen der Birgit tala om lærarens mange oppgåver. I denne delen gjekk me spesielt innpå omsorgsarbeidet til ein lærar.

Omsorgsmessig observasjon ved omsorgssvikt.

Dette går ut på at ein lærar er plikta til å melde i frå ved mistanke om at barnet kanskje ikkje har det så bra heime.
Men korleis er rette måten å gå fram på i ei sak som dette?
Korleis vil foreldra reagera når ein annan person seie at barnet deira ikkje har det så bra?
Bør læraren snakka med nokon om saka på førehand?
Spørsmåla rondt akkurat dette temaet er mange, og eg følte me fekk ganske mange gode svar fra Birgit i timen i dag. Ho kom også med gode eksempler frå ulike situasjonar innen dette temaet.
Eg håpar selfølgelig at eg slepp å ta opp situasjonar som dette med foreldre nokon gong. Men eg veit at som lærar må eg alltid vera forberedt på at tilfeller ved omsorgssvikt kan henda.
-------------------------------------------
Seinare kommentar:
I den delen då me snakka om omsorgssvikt, følte eg at eg kunne få ei stor utfordring. Tenk å vera nyutdanna lærar å bli kasta opp i ein sak som har med omsorgsvikt å gjere? Kva slags forhold skal eg ha til foreldra? Korleis vil dei sjå på meg? Eg er antageligvis mykje yngre enn dei, og ikkje har eg born sjølv heller. Korleis skal eg då fortelja dei korleis dei skal ta seg av sitt eige born? Det er mykje som kan verke skremmande på dette området, og dersom eg ein gong skulle komma opp i ein slik situasjon, vonar eg at eg har månge års erfaring i yrket bak meg...
Det å leia ein klasse, ha omsorg for elevane og planlegging, syns eg er 3 temaer som alle er viktige for ein lærar. Men som sagt er kanskje den delen med å ha omsorg for elevane, den største utfordringa. Her gjeld det å ha eit godt og tett samarbeid med føresatte, rektor og sosail rådgivar dersom det skulle oppstå ein uønska situasjon. Er TPO også innblanna i saker som omhandlar omsogssvikt?
-------------------------------------------

Vidare fekk eg vri hjernen litt når me fekk spørsmålet om korleis me ville forberede oss til eit nytt tema. Korleis me ville læra oss stoffet, og korleis me ville leggja det fram for elevane. Dette hadde eg ikkje tenkt så mykje på før! Men heldigvis tok eg gode notater i timen:

Undervisning: Nytt tema.


  1. Finn ut kva eleven skal lære (LK-06). Planlegg ut i frå det som står i læreplanane.
  2. Finn fleire opplysningar enn det som står i lærebøkene. (Internett, leksikon og biblotek.)
  3. Lag opplegg etter kva slags nivå elevane befinn seg på. (Sjekk ut sida www.udir.no/grep, eller les om barns utvikling i Imsens "Eleven verden").
  4. Planlegg økta/timen godt. Lag ekstra opplegg dersom tid til overs. Prøvekjør opplegget ditt.
  5. Start timen med ein spanande forteljing om temaet. Kanskje nokon av elevane kan noko om temaet fra før? La dei få komma med innslag.

Som lærar er det viktig å veta korleis ein skal gå fram når ein skal presantere eit nytt tema. For oss som skal ut i praksis snart, var dette utroleg nyttig å få greie på.

Elektronisk e-post og søkemotarar:

Greit at me gjekk i gjennom "skikk og bruk" når det gjaldt e-post. Men det var ikkje så mykje nytt som eg ikkje viste frå før. Eg fekk skreve ned ein del nyttige nettsider som Birgit anbefalte. Det var greit å få med seg, ein kan jo kanskje bruka dei i ein undervisning i praksis?Eg trodde ikkje eg trengte ein gjennomgang av korleis ein skulle bruke google. Men det trengde eg tydeleg! Nå veit eg korleis ein skal unngå å få 10 000 treff på søkeordet. Dette var slike praktiske dataopplysningar som eg tror alle hadde godt av ein liten oppfriskning av! Til slutt må eg få sei at eg blei mektig imponert av google earth! Tenk så fantastisk program! Ein kan jo reisa overalt i verden med eit lite tastetrykk. Alt virka så stort og komplisert. Lura på kva slags kompetanse du må ha for å komma på å laga eit så genialt program?

1 kommentar:

Birgit E. Olsen Bratseth sa...

Du er veldig flink til å skriva sjølvstendige tankar og refleksjonar rundt tema, og har fått med deg mykje essensielt. Det er klart at det er tungt å realisera meldeplikta i nokre tilfeller, men det er urealistisk å tenkja at ein ikkje vil koma i den situasjonen at ein må handtera denne type saker, diverre...
Elles er eg og begeistra for Google Earth, og for å laga ein slik applikasjon treng ein gode kart og programmeringskunnskapar. Det får ein om ein vel t.d. fordjuping i rein IKT (systemutviklar eller liknande)... Vonar du vil prøva deg på å bruka Internett lenkjer med tilhøyrande pedagogisk opplegg til i praksis i løpet av året... Du kan gjerne ta det som ei utfordring?

Birgit :-)