tirsdag 21. august 2007

21/08/07 Kvifor lærar?

Historie:
Flyvertinne, det var det eg skulle bli. Heilt sida eg var ei lita jente har eg alltid reist mykje med foreldrene mine, sett mykje og opplevd mykje. Me tok som regel alltid fly til reisemålet, og det var alltid lika stas å sjå dei oppstasa flyvertinna i dei flottaste uniforma sine. Eg fekk det for meg at siden eg va på ferie, så var dei også det. Tenk for eit fantastik arbeid! Ette kvart som eg blei eldre veit eg litt mær om kva flyvertinne-yrket går ut på, og la dermed dei planane på hylla. Kvifor ha reising som arbeid når du kan ha det som hobby?
Eg er sikkert ikkje den einaste i verden så ikkje heilt har bestemt meg for kva eg vil bli å jobba med her livet. Det resulterte i at eg søkte Idrett grunnfag på Stord i fjor, ikkje visste eg at studiet var lærarutdanningretta. Det gjekk eit lys opp for meg, kansje det var lærar eg skulle bli?

Mitt valg:
Eg byrja dermed i litt feil rettnig på allmenlærarutdanninga, men var likevel på rett spor. Dei 6 vekene med praksis i barnaskulen, me hadde på Idrett grunnfag, var nok til at eg fant yrket eg virkeleg ville satse på. 3 år til med utdanning og mykje lesing skremde ikkje meg. Eg har alltid likt meg på skulen, og får god oppfordring og støtte heimante til å få meg ei god utdanning.
På Idrett grunnfag hadde me 2 studiedagar i veka. Eg fekk vikariat på Gard Barneskule, å byrja å jobba der fast som lærarvikar ein dag i veka. Då hadde eg ein dag med lesing og ein dag med praksis kvar veke! Ikkje månge så fekk den moglegheten. Som vikar møtte eg på fleire utfordingar. Håndtering av vanskelegstilte elevar, undervisa i fag som eg sjølv var usikker på, elevar som satte vikaren på "prøve" og ha timar uforberedt, var bare nokre av dei utfordringane eg møtte på.

Eg lika utfordringar, det må du nesten gjere som lærar, det blir nok av dei! Du blir kjend med månge nye identitetar heile vegen, og ingen er like! Eg er ein person som kjem lett i kontakt med nye mennesker, det gjeld også barn og unge. Barns utvikling ser eg på som eit spanande område, som eg gler meg til å ta del i. Eg håper eg kan bli både veivisar og rådgivar for dei borna som treng det.

Til slutt:
Det er ikkje bare ein faktor som spel ei rolle for mitt val som allmenlærerstudent, faktorene er mange. Men eg har her prøvd å gi folk eit godt inntrykk av kvifor eg vil bli lærar.

1 kommentar:

Birgit E. Olsen Bratseth sa...

Hei, Cathrine..
Du har i alle fall fått bryna deg og kjent på nokre av utfordringane som ligg i læraryrket på førehand, og vart du ikkje skremd då, så let du deg vel ikkje skremja så lett. Vonar du vil trivast i yrket. Det er eit flott yrke der ingen dag er lik, og med mange gyldne augneblink.

Birgit :-)