tirsdag 21. august 2007

20/08/07 Blogg og ped, kva er det?

I dag hadde me 4 timar pedagogikk. Dei to fyste timane føregjekk i klasserommet, mens 3. og 4. time hadde me på datalabben. Pedagogikk er eit heilt nytt fagområde for meg, det er mykje å halde greie på, så her må me ikkje ligga på latsidå. Eg hadde lest kap. 1 i "Elevens verden" før desse timane, då var det lettare å følge med på kva læraren snakka om. Eg trur det er lurt å førebu seg godt te timane med pedagogikk, då det er mykje nytt å setje seg inn i. "Elevens verden" (ped.boka vår) var mykje enklare å lesa enn kva eg hadde trudd. Eg har berre lest kap. 1, men følte at eg klarte å forstå det forfattaren skreiv om. Imsen har skreve stikkord til oss ved sida av teksten, det gjore det enklare for meg å halde styr på kva eg las. Månge nye ord å utrykk fant eg også i boka, "generell psykologi og pedagogisk psykologi", det er kansje lett å bli skremde av alle desse uttrykka, men håpe på å bli betre kjend med dei etter kvart.
Eg syns den ideen med bloggen var ein kjempe idè! Då kan me hjelpa kvarandre med å forstå betre, i tilegg til å friska opp datakunskapene våre.
Pedagogikk verke som eit utfordrane fag med månge åpne svar på spørsmåla, men den utfordringen tar eg å håpe på å gjere mitt beste ut av det!

1 kommentar:

Birgit E. Olsen Bratseth sa...

Hei, Cathrine...
Det var "jenta si" som tok utfordringane på strak arm. Både refleksjon rundt første økt, og bilete i profilen! Og så har du fulgt opp med anbefalt lesing i Imsen? Det her lovar godt. Eg seier berre: Fortset å stå på!

Birgit :-)