torsdag 23. august 2007

23/08/07 Ein lærar som eg hugsar godt

Ein lærar som eg hugse godt,
blanda seg i stor og smått.
Ingen ville hennar ha,
men ho vart berre likeglad.
-
Sigarellos var hennar beste venn,
hadde verken ungar eller menn.
Ho lukta alltid røyk og fest,
kan hende det var det ho likte best?
-
Lærarplanverket var ikkje hennar stil,
ho praktiserte noko anna, som gav oss tvil.
Kunne me klara heila skuleåret?
Det vart best om me snakka med skulerådet.
-
Armani, Gucci og Jean Paul varte bra,
elevar med moteklede ho ville ha.
Me som ikkje tok oss råd til slikt,
blei ikkje aksepterte og dårleg likt.
-
Alt skulle gå hennar veg,
men det praktiserte ikkje eg.
Det endte med dårleg karakter i hennar fag,
som blei berre verre for kvar dag.
-
Lei meg heim frå skulen eg kom,
far han lurte på kva det dreide seg om.
Ein lærar som mobba ungane dine,
Kva for ein lærar gjer slikt mot elevane sine?
-
På foreldremøtet gav far beskjed,
dårleg behandling av elevar ville han ikkje se.
Nok vart nok, og slutt på mobbing,
ho kunne finna seg ein annan plass med mykje meir jobbing...
-

Men eg har også mange gode lærarminner!




På bilete: Fjelltur med Idrett grunnfag, Jørgen, meg og Helga.

8 kommentarer:

MALIN E. KRAKK sa...

For eit flott dikt du har laga! Knallbra altså! :) vil du laga eit for meg óg?? :) hehe..

Gerd Elin sa...

Du får det jammen gjort du. Fint dikt, men håper ikkje den læraren du skriv om er i skulen lenger? Stilig at me har felles heimstad, sjølv om eg har budd lenger i Etne nå enn eg gjorde på Førland.
Blir kjekt dette.
God helg!
Gerd Elin:-)

heidi sa...

Du er jo reine diktaren,så flott da.Trist med sånne lærar minner då, men det er godt nokon ordnar opp og får dei ut av systemet!!
Go helg til deg.
Heidi:-)

Hilde Marie sa...

Så flinke du har vært å dikta da, det va ikkje verst. Må ikkje legga lista så høgt for oss andre,hehe. Men hørtes ikkje ut som verdens beste lærar, får håpa alt ikkje var sant. Er jo lov å overdrive litt i dikting;) Kos deg i helga!

Birgit E. Olsen Bratseth sa...

Hei, Cathrine...
Det er sørgeleg at du har ei slik lærerinne på minnet som den du hugsar best. Eg vonar du har hatt mange kjekke og gode lærarar og, som har sett deg og sett pris på deg for den du er. Og som har tatt godt vare på deg i dei viktige barne- og ungdomsåra. Og så får du dra lærdom av erfaringa, og merka deg dei eigenskapane du absolutt ikkje vil ha i di lærargjerning!


Birgit :-)

Elisabeth sa...

Kjempe bra dikt!=)

Trond Hafstad sa...

meget meget imponert, dettdet ville blitt som å hoppe etter Wirkola om jeg skulle begynne å dikte nå...

Cecilie sin blogg sa...

Imponert!!!!!!