torsdag 20. september 2007

10/09/07 Observasjon

Å være observerande= veremåte

I dag handla økta om observasjon, sjå, oppdaga og følgje med. I neste veke skal me ha observasjonspraksis på Skåredalen skule, kultur og idrettssenter, og då kom desse timane godt med. Eg ser fram til denne veka med observasjon, og eg trur me får leggje merke til ting på ein annan måte etter denne økta i dag. Bli meir observange rett og slett!
Eg synast at det er vanskeleg å skilje mellom observasjon og tolking. Dette blir eit område som eg må jobba hardare med. Det er fort gjort å tolke noko mens du observerer. Dette fekk eg erfara når Birgit ga oss i oppgåve å observere ein/ei/nokon i ein halv time. Eg sat meg inn på bibloteket for å observere biblotekaren. Men dette var slett ikkje lett. Då alle kom inn i auditoriumet igjen skulle me snakka om observasjonane me hadde gjort. Det var då eg merka at eg hadde tolka ein heil del av observasjonen! Dette skal eg ta meg sjølv litt hardare i, å jobba meir med dette.
Me skal også skrive loggbok for observasjonspraksisveka. Godt me fekk ein gjennomgang av dette, og også intressant å høyre om dei andre ulike metodane å observera på.
Eg gler meg til observasjonsveka, eg trur det kan bli ei spanande men òg utfordrande veke!
-------------------------------------------
Seinare kommentar:
Dersom du vil veta meir om mine erfaringar med observasjon, kan du lesa innlegget "Praksiserfaringar frå observasjonspraksis". Her skriv eg om mine erfaringer frå veka med observasjon, observasjonens nytteverdi, observasjonslogg og seminardagen på HSH.
-------------------------------------------

1 kommentar:

Birgit E. Olsen Bratseth sa...

Ja, korleis vart veka? Lærte du noko av å føra observasjonslogg? Kvifor trur du systematisk observasjon og loggføring er så viktig i skulen? Kva er nytteverdien?

Birgit :-)