mandag 14. januar 2008

10/01/08 Animasjon, film, lyd, digitale forteljingar og samansatte tekstar.

Dagen i dag gjekk til nedlasting av dei ulike programma som me får brukt for litt seinare. Det var godt at me tok denne nedlastingsdelen i fellesskap, for eg forstår ikkje alltid heilt kva eg skal trykje på, å kor programmet blir av dersom/når eg har lasta det ned. Alltid godt med litt hjelp!! Eg kan ikkje sei at eg hugsa så mykje frå den filmen som blei vist på storsjermen i byrjinga av timen...det gjekk alt for fort i svingane for at eg klarte å få det med meg. Eg veit at det skulle forestilla ein opplæringsfilm av Windows movie maker og at den gjekk på svensk, men trur eg må sjå den eit par gonger til heime, for at eg skal skjøna kva det går ut på.

Cartoonist var ei artig side vil eg seie. Her kunne eg dikta min eigen teikneserie med sjølskrevne replikkar! Dette var jammen meg gøy, heilt til eg kom borti ein knapp...så forsvant alt...gjekk ikkje ann å trykje på nokon angreknapp her i gården. Men alt i alt ei flott side med fengande fargar og figurar.

Pivot var også eit kjekt program! Her var det berre til å forme figuren slik du ville den skulle være, for deretter å sleppe fantasien laus i paint for å lage bakgrunn til denne tøysemannen. Me hadde mykje lått og løye med dette programmet, og det var mange fantasifulle bakgrunnar i klassen.
-------------------------------------------
Seinare kommentar:
På bilete nedanfor ser du dansemannane som meg og Trond laga i Pivot! Bakgrunnen (diskoteket) laga eg i eit teikneprogram som vert kalla Paint. No kan du berre trykka på bilete å sjå om mannane vil dansa for deg!



-------------------------------------------


Når det gjaldt dei digitale forteljingane kunne me gå inn på ei side som heiter http://www.digitalefortellinger.com/ å sjekke ut kva det går ut på. Me fekk også sjå ein god digital forteljing om ein gut så hadde vært sjuk. Med denne filmen fekk me eit godt eksempel på kva ein digital forteljing er.

1 kommentar:

Ane Kesia sa...

Hei Cathrine!
Ikkje lett når språket er svensk, men det skal nok gå greit. Det var fantastisk å sjå og ikkje minst høyra latteren sittja laust når me held på med slike kjekke ting. Trur du var litt heldig med din makker, då Trond har vist både med bilete collagen, og animasjon tidlegare at detta beherskar han bedre enn dei fleste. Det er bra. Det skal bli spanande å sjå korleis desse presentasjonane av bøkene blir, mykje variert vil eg tru.
Den filmen om guten me fekk sjå var nifs, tenk å leve så lenge å tru ein skal døy kvar dag.
Å vera kritisk ven er eg ikkje noko god på, eg tykkjer du får med det meste i ein flott og enkel tekst.
Du er ellers ei strålande jente som har mykje "jern i ilden" og alltid like blid. Kjekt å bli kjend med deg, og eg misunnar deg ikkje %&"!=)/%, dei to vekene du skal studere sand og havstraumar i varmare strøk.
God tuuuur! :-) Kesia