Eg må sei at det er tøft gjort av Birgit å invitera heile klassen inn på vafler og kaffi etter den 6 kilometer lange turen! Alle plasserte seg litt rundt omkring i huset, og jammen fekk me plass til alle!

Alle fekk dela ulike erfaringar fram og tilbake frå praksis. Det var interessangt å få høyre korleis dei på Langeland skule hadde hatt det, i og med at me ikkje hadde fått snakka så mykje med dei etter praksis. Ein lærar ganske mykje av å høyre på kva andre har opplevd, å korleis dei har takla vanskelege situasjonar i ein klasse.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar